HeimNyheterAktivitetsveker i Modalen

Aktivitetsveker i Modalen


Gjennom desse vekene vil UngJobb-tilsette med ungdomskoordinator tilby aktivitetar for alle born og unge i skulealder i Modalen kommune. Ettersom Bryggjeslottet er stengd vil Mo Skule vere hovudbase for aktivitetsvekene. 

Det er ingen påmelding, men ‘drop in’.
Foreldre og føresette må gjerne ta heimekontoret i kantina når ungane har aktivitet, eller hive seg med på fjelltur om dei måtte ønskje det. Særleg med dei minste, kan det vere greitt med ein forelder i nærleiken.
Gruppene er delt etter kva trinn ungane byrjar på til hausten.

Aktivitetar for småskulen (1.-4. trinn) Oppmøtestad og aktivitet
Tysdag 20. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mo skule – Rebus
Torsdag 22. Juli: kl. 13.00-15.00 På Mo skule – Slim, glitter og bobler + leik ute
Onsdag 28. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mo skule – Sjakk-kurs
Torsdag 29. Juli: kl. 13.00-15.00 På Mo skule – UngJobb-aktivitet (under planlegging)
Fredag 30. Juli: kl. 10.00-15.00 På Mo skule – Sjakk-turnering (saman 5.-7. trinn)

Aktivitetar for mellomtrinnet (5.-7. trinn) Oppmøtestad og aktivitet
Måndag 19. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mo skule – Juniorklubb + Informasjonsmøte
Tysdag 20. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mo skule – Rebus
Fredag 23. Juli: kl. 10.00-15.00 På Mo skule – Fjelltur til Otterstadstølen
Måndag 26. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mobryggja – Kanotur/kurs med instruktør
Tysdag 27. Juli: kl. 10.00-12.00 På Mo skule – Odins OL – Ein idrettskonkurranse
Onsdag 28. Juli: kl. 13.00-15.00 På Mo skule – Sjakk-kurs
Fredag 30. Juli: kl. 10.00-15.00 På Mo skule – Sjakk-turnering (saman med 1.-4. trinn)

Aktivitetar for ungdomstrinnet (8.-10. trinn) Oppmøtestad og aktivitet
Måndag 19. Juli kl. 13.00-15.00 På Mo skule – Ungdomsklubb + Informasjonsmøte
Onsdag 21. Juli kl. 10.00-15.00 På Mo skule – Fjelltur til Otterstadstølen
Torsdag 22. Juli kl. 10.00-12.00 På Mo Skule – Kahoot og klubb
Måndag 26. Juli kl. 13.00-15.00 På Mobryggja – Kanotur/kurs med instruktør
Tysdag 27. Juli: kl. 13.00-15.00 På Mo skule – Odins OL – Ein idrettskonkurranse
Torsdag 29. Juli kl. 10.00-12.00 På Mo Skule – UngJobb-aktivitet (under planlegging)


Sist oppdatert: 14.07.2021
Publisert: 14.07.2021