HeimAktueltALLEMED-dugnad i Modalen

ALLEMED-dugnad i Modalen

«ALLEMED» er eit nasjonalt prosjekt oppretta som ein felles nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge. Prosjektet jobbar med kommunar i heile landet.
Publisert: 04.07.2023
Sist endra: 10.08.2023

Om ALLEMED-prosjektet

Modalen kommune har inngått ein samarbeidsavtale for 2023-24 med ALLEMED. Etter den innleiande dugnaden hausten 2023 vil me ta prosjektet vidare lokalt.

Modalen kommune ønskjer med ALLEMED å sjå på lokale forhold i kommunen. Me vil knyte nærmare band til lag og organisasjonar. Slik kan me saman vere pådrivarar for at kommunen skal fortsetje å vere ein god plass å bu og vekse opp.

Idédugnad

24. august, kl. 17.30 på Flodmaal, arrangerer me ein idédugnad med invitasjon til alle innbyggjarar i Modalen. Me håper på representantar frå ulike grupper td; idrettslag, ungdomsråd, vellag, politikarar, næringsliv, kommunalt tilsette og alle andre som kan ha viktige synspunkt og idèar. Målet med samlinga er at me skal få på plass to til tre konkrete tiltak som me kan følgje opp framover.

Me ser fram til å gjennomføre ALLEMED-dugnaden, og er spente på å sjå kva resultatet vert. Me håper på gode råd å jobbe vidare med slik at organisering av fritidsaktivitetar vert endå betre i framtida.

 

Trykk her for å lese meir om «allemed» satsinga.

Trykk her for å sjå «allemed»-videoen

Påmeldingsfrist: 15. august 2023

Kontaktperson: 
Siren B. Øvre-Helland
Tlf: 92087738
E-post