HeimNyheterAvtale om pasientreiser i Vaksdal og Modalen

Avtale om pasientreiser i Vaksdal og Modalen

Avtalen gjeld måndag til fredag for turar med start i tidsrommet frå kl. 06.00 til 18.00.

Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasientar skal reise mellom kl. 18.00 og 06.00 (kveld/natt) eller helg, må dei ordne reisa sjølve, alternativt bestille drosje og legge ut for reisa sjølve, og søke reisekostnader dekka i etterkant.

I tidsrommet der Helse Bergen har avtale med Dale Taxi, får pasientane transport av helseføretaket og slepp å legge ut for reise med rekvisisjon sjølve.


Sist oppdatert: 24.08.2021
Publisert: 24.08.2021