HeimNyheterBesøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Besøk for bebuarar ved Modalstunet
Oppdatert 16.oktober 2020

Modalen kommune har opning for kontakt mellom bebuar i sjukeheim og pårørande/besøkjande med nokre restriksjonar som jamnleg blir justert ut frå smitte-situasjon.
Følgjande gjeld for besøk no:
Det er no også tillate med besøk til bebuarar av barnebarn og andre barn/ungdommar.
Bebuarar kan få ta imot besøk av pårørande/besøkjande på besøksrom «Vetlestova», på romma og ved besøk utandørs i hagen.
Pårørande kan ta med bebuarar på spasertur/rullestol-tur i området etter avtale med personalet
Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande/besøkjande ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 1 time 3 gonger i veka.
Pårørande/besøkjande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
• Pårørande/besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Pårørande/besøkjande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å halde handa er greitt.
• Bebuar kan ta imot blomar og gåver, og det kan takast med mat som blir ete under besøk. Det er ynskjeleg at der ikkje er restar att hjå bebuar etter besøk. Innpakka snop/ tørre varer går greitt


Sist oppdatert: 16.10.2020
Publisert: 04.06.2020