HeimNyheterBryggjeslottet stengt for all aktivitet

Bryggjeslottet stengt for all aktivitet

Bryggjeslottet stengt for all aktivitet inntil vidare

Teknisk etat har motteke foreløpig vurdering av skredhendinga bak Bryggjeslottet, bestillt av NVE på forespurnad frå kommunen. Vurderinga er utført utfrå tilsendt dronemateriale frå Nese media A/S.
NVE har etter motteke melding om raset hatt løpande dialog med Teknisk sjef i Modalen kommune, Vest politidistrikt og NGI, som utøvande geologar.
Den foreløpige vurderinga viser at det inntil utfallsområdet i fjellsida er observert meir laust og oppsprukket berg, som kan rase ut og som må undersøkjast nærare.
NVE har kome med følgjande tilrådingar i det vidare arbeidet:
1. Fjellsida bør synfares av skredkundig med representant frå fjellsikringsfirma for å avklare behov for rensk av laust berg.
2. Synfaringa kan i tillegg avklare om det er behov for sikring av laust berg.
3. Evakuering av bygget bør oppretthaldast inntil nødvendige tiltak er utført.
4. Kortvarig naudsynt driftsmessig opphald i bygget, inntil 1 times varighet og med få personar, vert ansett å vere innafor akseptabel risiko.
Kommuen ved teknisk etat vil snarast følgje opp saka vidare med aktuelle instansar og firma, utifrå tilrådingane frå NVE.


Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 31.05.2021