HeimNyheterEigedomsskattelista 2022

Eigedomsskattelista 2022

Taksering og utskriving

I 2022 skriv Modalen kommune ut eigedomsskatt med heimel i Eigedomsskattelova § 3 bokstav c: «Berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum».

Siste almenne taksering i Modalen kommune vart gjennomført  i 2019 med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3, nr 2.

 

 

Eigedomsskattelista

Eigedomsskattelista 2022 for Modalen kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 28.02.22– 31.03.22 i tråd med reglane i eigedomsskattelova § 15.

Eigedomsskatten vert å betale i 2 terminar: 31.03.22 og 30.09.22.

 

Skattytar som meiner utskrivinga er urett, kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.

Evt klage kan sendast skriftleg til Modalen kommune, eigedomsskattekontoret, Postboks 44, 5732 Modalen, eller på epost til postmottak@modalen.kommune.no innan 09. april 2022

 

Eigedomsskattelista 2022 - Modalen kommune


Sist oppdatert: 28.02.2022
Publisert: 28.02.2022