HeimAktueltEndringar i bassengtilbod for årskortbrukarar

Endringar i bassengtilbod for årskortbrukarar

Mellom anna er det presisert at tilgang til basseng utan badevaktar gjeld for brukarar over 18 år. Mindreårige må vere i følgje med ein person over 18 år.

Eit særskilt nytt krav er at det alltid skal vere minimum to badegjestar utanom ordinær opningstid. Ny avtale, samt utfyllande informasjon finn du på Bryggjeslottet

 

Har du ein gyldig årskortavtale, vil ikkje brikka di opne døra til bassenget før vi har registrert at du har signert ny avtale. 

Avtalen kan fyllast ut digitalt og sendast til postmottak@modalen.kommune.no. Deretter signerer du avtale via e-signering.

Du kan også skrive ut avtalen, signere og levere til kundetorget eller Bryggjeslottet.

Alle med årskortavtale har fått tilsendt brev om endringane.

Kaja og Frode står ved bassengkanten


Sist oppdatert: 02.07.2024
Publisert: 01.07.2024