HeimNyheterFeietenesta - planlagt tilsyn og feiing i Modalen 2021

Feietenesta - planlagt tilsyn og feiing i Modalen 2021

Planlagt tilsyn og feiing i Modalen

Det var planlagt branntilsyn på bustadane i Modalen kommune i 2020. Grunna pandemien vart ikkje dette gjennomført.

Norhordland brann og redning står for feietenesta i Modalen, dei planlegg tilsyn og feiing i Modalen i løpet 2021 avhengig av restriksjonane som følgjer pandemien. Ved gjennomføring av tilsyn og feiing samlar også feietenesta inn naudsynt informasjon for kartlegging av hyppigheitsbehovet for tilsyn og feiing på kvar enkelt bustad. Feietenesta ser blant anna på alder og tilstand på eldstad og pipeløp, kva for ein type eldstad som er installert, mengde sot i pipeløp mv.

Informasjonen feietenesta samlar skal registrerast i eit fagsystem som skal automatisk kalkulera hyppigheitsbehovet for feiing og tilsyn i bustadane.

Dersom du har spørsmål ta kontakt med Modalen kommune, teknisk etat.
Tlf: 56 59 90 00
E-post: postmottak@modalen.kommune.no


Sist oppdatert: 05.03.2021
Publisert: 03.03.2021