FLODMAAL

For ei veke sidan kåra me vinnar av namnekonkurransen der målet var å finne fram til eit passande namn på det nye huset som er bygd på Mo. Modalen Nærings- og Tenestesenter var eit alt for langt og kronglete namn.
Det nye offisielle namnet er no Flodmaal og vinnar av konkurransen vart Ove Eidsnes. Fredag var han på plass i Flodmaal for å ta imot premien, som er ein el-sykkel av beste sort.
Begrunning av namneval:
Plasseringa av huset er i flomålet.
Det er også namnet på debutsamlinga til Olav Nygard som kom ut i 1913, og reknast som den mest tilgjengelege samlinga av dei han ga ut, medan han levde. Det er og eit vakkert ord som kling godt, og me håpar det vert teke i bruk av folk.
Olav Nygard har og fått plass i litteraturhistoria som ein av dei store innan norsk lyrikk.

Vinnaren av el-sykkel


Sist oppdatert: 19.12.2021
Publisert: 19.12.2021