HjemNyheterHar du ledig bustad i Modalen?

Har du ledig bustad i Modalen?

Om du har ein leilegheit eller eit hus til utleige, så er det fint om du gir ei tilbakemelding til postmottak@modalen.kommune.no innan 15. januar 2023.
Nødvendig informasjon vil vere namn på huseigar, adresse, areal, tal soverom og leigepris.


Dersom du har ledig eit husvære som treng renovering eller oppgradering før innflytting, vil kommunen gjere vurderingar om å inngå eit samarbeid. I slike tilfelle må huseigar sjølv ta kostnader for oppgradering, men kommunen kan vere villig til å inngå ein langsiktig leigeavtale.


Om du har spørsmål, ta kontakt med teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik, tone.skuggevik@modalen.kommune.no, tlf 920 43 233


Sist oppdatert: 03.01.2023
Publisert: 03.01.2023