HeimNyheterHøyring - Revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringane i Steinslands- og Modalsvassdraget

Høyring - Revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringane i Steinslands- og Modalsvassdraget

På bakgrunn av krav frå mellom anna Modalen kommune og føringar frå NVE, har BKK produksjon A/S utarbeidt eit revisjonsdokument som beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med.

Revisjonsdokumentet er no lagt ut på offentleg høyring og NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttale seg. Revisjonsdokumentet og fråsegnene som vert motteke vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.
Revisjonsdokumentet er tilgjengeleg på NVE si internettside: konsesjonssaker. Dersom du ynskjer ein papirversjon kan ein kontakte Svenn Rognås hos BKK, tlf: 55127329 eller epost: svenn.rognas@bkk.no.


For å snevre inn søket vel «Vannkraft» under «Alle typer» og «Revisjon av vilkår» under «Alle sakstyper». Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finn ein på www.nve.no/revisjon.
Fråsegner i høyringa kan sendast NVE via internett www.nve.no/konsesjonssaker ved å gå inn på den aktuelle saka, med epost til nve@nve.no eller med post til NVE, Energi- og konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.


Høyringsfristen er 1. november 2021


Sist oppdatert: 15.07.2021
Publisert: 15.07.2021