HjemAktueltHøyring av søknad om ny Krossdalen transformatorstasjon

Høyring av søknad om ny Krossdalen transformatorstasjon

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknadar for ny Krossdalen transformatorstasjon og å leggje om luftleidningar inn til stasjonen, i tillegg til ny 420 kV Krossdalen-Steinsland og ny delstrekning 420 kV Krossdalen-Haugsvær. Det er også søkt om konsesjon til spenningsoppgradering til 420 kV i Steinsland kraftverk og Nygard pumpekraftverk med tilhøyrande nettanlegg, samt endringar i Steinsland koblingsstasjon. Det er også søkt om å gjere tiltak på Nygardsveien og bygge kaihakk på Eidslandet.

Dei omsøkte tiltaka er i Modalen og Vaksdal kommunar i Vestland fylke. Det er Statnett SF og Eviny Fornybar AS som søker.

Høyringsfristen er 12. august 2024


Høyringsdokument 

Konsesjonskart Statnett

Konsesjonskart Eviny 

Invitasjon til folkemøte 11.juni i Modalen kommunehus

NVE held offentleg møte tysdag 11. juni kl. 19.00. Møtet finn stad i Modalen kommunehus, Mo 3, 5729 Modalen. NVE vil orientere om handsaminga av søknaden. Statnett og Eviny vil vere til stades og orientere om planane. Møtet er ope for alle


Sist oppdatert: 16.05.2024
Publisert: 16.05.2024