HjemAktueltJobbmot - kompetansesenter for ungdom og arbeid i Nordhordland

Jobbmot - kompetansesenter for ungdom og arbeid i Nordhordland

Er du skulelei eller vil i aktivitet?

Vi kan hjelpe deg å finne det som er rett for deg. Målet kan vera skule, jobb eller anna aktivitet. Saman lagar vi ein konkret plan for å nå dine mål. Ønskjer du hjelp frå andre tenester kan vi hjelpe deg.
Vi tilbyr blant anna dette:

  • karriererettleiing
  • hjelp til CV/søknad
  • kontakt med bedrifter

Ring oss direkte på 94 13 62 06 eller send oss ein sms på 59 44 96 19, så avtalar vi å møtast slik at du kan forklare kva du vil ha hjelp til.
Vi har teieplikt og tilbodet er frivillig, gratis og tilpassa deg og din situasjon. Sjølv om Jobbmot er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane i regionen og NAV, treng ein ikkje å væra brukar i NAV systemet for å ta kontakt med oss.

Ny ungdomslos i Fensfjorden!

Mona Farraj Andersen er ansatt som ny ungdomslos i NAV Fensfjorden og blir ein del av Jobbmot teamet. Dette vil gi Jobbmot betre kapasitet til å følge opp ungdom og samarbeidspartar i Masfjorden, Austrheim, Gulen, Fedje og Modalen. Av arbeidserfaring har ho dei siste fem åra jobba som jobbveileder hos Gløde og A2G, og var Key Account Manager mot arbeidsgivere i regionen. Mona er samfunnsviter og har brei arbeidserfaring frå ulike bransjer mellom anna kriminalomsorgen, flyktningmottak, og ikkje minst; drevet eige firma med både tilsette og lærlingar.

Mona er no godt i gang som ungdomslos i Fensfjorden, og har fått opparbeida seg eit godt samarbeid med både barnevern, frivillighetskoordinator, flyktningkoordinator , skular og helse. I tillegg har ho alt fått ein del ungdommar som har tatt kontakt. Ho har også fått god kontakt med ein del bedrifter i området, noko som også er eit viktig samarbeid både for dei unge og næringslivet. Ungdomslos oppfordrar også bedrifter til å ta kontakt for eventuelt rekruttering i forbindelse med sommerjobb, praksis e.l. Då det er store avstander i Fensfjorden, er ho ofte på reis også. Ellers har ho kontorplass både hos NAV Fensfjorden og Alver.

Vi delar alle stillingar som vi finn som kan vere aktuelle for ungdom i regionen i Facebookgruppa «Sommar og deltidsjobb i Nordhordland»

 

 


Sist oppdatert: 14.08.2024
Publisert: 14.08.2024