HjemAktueltKan du klare deg sjølv i ei veke?

Kan du klare deg sjølv i ei veke?

I løpet av veke 44, eigenberedskapsveka, får alle husstandar ein brosjyre i posten med oppdaterte råd om eigenberedskap. Ta vare på brosjyren.

Vi lever i ein stadig meir uroleg verda – mellom anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.

På sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om korleis du kan styrke din beredskap med mellom anna ei sjekkliste for eigenberedskap.


Sist oppdatert: 28.10.2024
Publisert: 28.10.2024