HeimNyheterKOM PÅ LEGEKONTORET, SKULEN ELLER I BARNEHAGEN OG FÅ HURTIGTESTAR!

KOM PÅ LEGEKONTORET, SKULEN ELLER I BARNEHAGEN OG FÅ HURTIGTESTAR!

Sjukdomen er framleis alvorleg for dei som ikkje er vaksinerte.

Kommuneoverlegen oppmodar difor alle til å teste seg sjølv med hurtigtestar når dei er forkjøla eller småsjuke. Me deler ut hurtigtestar og opplæring til alle som vil. Me gjer PCR testing med svar etter 20 min på legekontoret om det er naudsynt. Om du testar positivt  går du i isolasjon og alle dine nærkontakter må teste seg. Dette vil redusere smitten i samfunnet vårt og færre vert sjuke.

Slik kan du vere med å avgjere om smittetrenden no skal gå nedover att!

Ring koronatelefonen 94 50 73 78 eller legekontoret 56 59 90 40 om du lurer på noko.


Sist oppdatert: 03.11.2021
Publisert: 03.11.2021