HeimAktueltKonkurransetid på dagsturhytta!

Konkurransetid på dagsturhytta!

Bruk mobilen, scan ein QR-kode og svar på spørsmåla i den store biosfærekonkurransen! QR-koden er tilgjengeleg på dagsturhytta ved inngangspartiet. Nordhordland UNESCO Biosfære arrangerer Biosfæredag 30.mai, og vil i den samband spreie ordet om at faktisk DU som bur i Modalen kommune er ein del av eit biosfæreområde. Det vankar gode premiar til vinnarane:

  • Middag for to ved Lyngheisenteret i Alver
  • Gåvekort på 500 kr hjå Kilstraumen Brygge i Austrheim
  • Middag for to ved Fjordslottet hotell på Osterøy
  • Middag for to ved Skjerjehamn hotell i Gulen
  • Gåvekort på 500 kr hjå Pernille Kaféen på Fedje
  • Gåvekort på 800 kr brukast på Alver hotell eller Westland hotell i Alver

Premien vert trekt: 10.juni

God tur, og lukke til!

Les meir om kva eit biosfæreområde er her: Nordhordland Biosfære (nordhordlandbiosphere.no)


Sist oppdatert: 28.05.2024
Publisert: 28.05.2024