HeimNyheterKoronautbrot

Koronautbrot

Alle tilsette og elevar i 6. og 7. klasse ved Mo skule er i karantene etter at ein person knytt til skulen har fått påvist koronavirus. Elevane og dei tilsette er nærkontaktar og må vere i karantene til og med tysdag 1. juni. Vi oppfordrar flest mogleg til å teste seg. Ta kontakt med helsetenesta på telefonnummer 94507378 for å avtale time.
Dei som bur i lag med nærkontaktane må vere i ventekarantene til nærkontakten har testa negativt. Det vert utført testing av ein del elevar og tilsette dei næraste dagane. Dei det gjeld vil bli kontakta av helsetenesta.
Dei føresette har fått informasjon om situasjonen i dag, og får meir informasjon om opplegget for heimeskule frå kontaktlæraren sin.
Sidan mykje personell er i karantene, vil skulen måtte gå over til heimeskule / digital undervisning frå fredag 28. mai til og med tysdag 1. juni.

Ein vil ha tilbod ved skulen til elevar som har foreldre i samfunnskritiske posisjonar. Heimen må ta kontakt med skulen dersom dei har behov for tilbod desse dagane.

I samband med utbrotet vert Modalstunet stengt for besøkande til og med tysdag 1. juni.
Modalen kommune fekk melding om tilfellet torsdag formiddag 27. mai.
Kontaktperson for media i samband med utbrotet er ordførar Kjetil Eikefet. Kommunen vil kome med ytterlegare informasjon etter møte i kriseleiinga fredag 28. mai klokka 1200.


Sist oppdatert: 27.05.2021
Publisert: 27.05.2021