HeimNyheterModalen kommune skal få dagsturhytte!

Modalen kommune skal få dagsturhytte!

 

Modalen kommunestyre har vedtatt 24.09.2020, sak 20/234 at det skal byggjast ei dagsturhytte i kommunen.

Høyring – plassering av dagsturhytte

Modalen kommune skal få dagsturhytte og inviterer med dette lag, organisasjonar og einskildpersonar om å koma med framlegg til plassering av hytte og kva de elles kan bidra med i prosjektet.

Modalen kommune ynskjer at Dagsturhytte skal kunne brukast til rekreasjon, dagsbesøk, ein stad der ein opplever sosialt fellesskap og får gode friluftsopplevingar.

Hytta kan bli brukt i undervisningsamanheng i skule og barnehage og vil vere eit lågterskeltilbod for å få fleire og nye målgrupper ut på tur.

I det vidare arbeidet mot realisering av hytta er det viktig med gode prosessar og brei medverknad. Kommunen ynskjer god medverknad frå innbyggjarane og ber om innspel til:

  • Kvar de meiner hytta bør plasserast
  • Kva kan de bidra med på vegen mot realisering og drift ( rydding av tomt, stiar, merking av skilting etc)

Aktuelle grunneigarar vert kontakta av administrasjonen i høve forslag til plassering.

Endeleg plassering vert vedtatt av kommunestyret.

Samtlege hytter i Sogn og Fjordane har t.d. fått gratis tomt.

 

Fakta

Alle kommunane i Vestland fylke har fått invitasjon om å søkje tilskot til Dagsturhytte. Prosjektet er ei vidareføring av suksessen med bygging av Dagstyrhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Prosjektet er ei spleising mellom Vestland fylkeskommune, sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Modalen kommune. Prosjektet er spelemiddelberettiga og 1/3 av samla kostnadar vert henta her i frå, etter søknad frå kommunen.

 

I utlysinga frå fylkeskommunen om krav til prosjektet står det:

 

  • Prosjektet må planforankrast i kvar kommune for å kunne søkje om spelemidlar
  • Sanitæranlegg vert tilrådd knytt til dei hyttene der ein i samråd med kommunen ser det vil vere eit behov
  • Det er ynskjeleg med eit nynorsk-bibliotek i hyttene og ein plan for ulike arrangement
  • Opparbeiding av turløyper til hyttene, og merking og gradering av desse må vere ein del av lokal prosjektplan
  • Det er ynskjeleg å knytte kulturminne til dagsturhyttene der det ligg til rette for det.
  • Det er ynskjeleg med brei medverknad i høve prosessane kring plassering, opparbeiding og drift
  • Nokre av hytter i Vestland bør vere universelt utforma
  • Plakett med logo til bidragsyter, med mal utforma av fylkeskommunen må plasserast på hytta
  • Hytta bør plasserast sentrumsnært, nær skule/ barnehage og med mogleg tilkomst via kollektivtilbod. Det bør vere maks 15.min køyring frå sentrum til startpunkt for fotturen, og vere om lag 30 min. å gå til hytta for dei minste.

 

Spørsmål kan rettast til: Teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik på tlf: 920 43 233.

Innspel

Vert å senda:

postmottak@modalen.kommune.no o      merkast Dagsturhytte.

 

Frist for innspel: 15. november

----------------------------------------------------

Dagsturhytte er på sosiale medier som instagram og facebook der de kan finne meir informasjon.

Her kan du lesa om dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane

https://www.sfj.no/dagsturhytta.430892.nn.html        

Her kan du lesa vedtak frå kommunestyret 24.09.20

 


Sist oppdatert: 07.10.2020
Publisert: 07.10.2020