Modalen kommune skal få dagsturhytte!
Modalen kommunestyre har vedtatt 24.09.2020, sak 20/234 at det skal byggjast ei dagsturhytte i kommunen.
Høyring – plassering av dagsturhytte
Modalen kommune skal få dagsturhytte og inviterer med dette lag, organisasjonar og einskildpersonar om å koma med framlegg til plassering av hytte og kva de elles kan bidra med i prosjektet.
Modalen kommune ynskjer at Dagsturhytte skal kunne brukast til rekreasjon, dagsbesøk, ein stad der ein opplever sosialt fellesskap og får gode friluftsopplevingar.
Hytta kan bli brukt i undervisningsamanheng i skule og barnehage og vil vere eit lågterskeltilbod for å få fleire og nye målgrupper ut på tur.
I det vidare arbeidet mot realisering av hytta er det viktig med gode prosessar og brei medverknad. Kommunen ynskjer god medverknad frå innbyggjarane og ber om innspel til:
- Kvar de meiner hytta bør plasserast
- Kva kan de bidra med på vegen mot realisering og drift ( rydding av tomt, stiar, merking av skilting etc)
Aktuelle grunneigarar vert kontakta av administrasjonen i høve forslag til plassering.
Endeleg plassering vert vedtatt av kommunestyret.
Samtlege hytter i Sogn og Fjordane har t.d. fått gratis tomt.
Fakta
Alle kommunane i Vestland fylke har fått invitasjon om å søkje tilskot til Dagsturhytte. Prosjektet er ei vidareføring av suksessen med bygging av Dagstyrhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Prosjektet er ei spleising mellom Vestland fylkeskommune, sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Modalen kommune. Prosjektet er spelemiddelberettiga og 1/3 av samla kostnadar vert henta her i frå, etter søknad frå kommunen.
I utlysinga frå fylkeskommunen om krav til prosjektet står det:
- Prosjektet må planforankrast i kvar kommune for å kunne søkje om spelemidlar
- Sanitæranlegg vert tilrådd knytt til dei hyttene der ein i samråd med kommunen ser det vil vere eit behov
- Det er ynskjeleg med eit nynorsk-bibliotek i hyttene og ein plan for ulike arrangement
- Opparbeiding av turløyper til hyttene, og merking og gradering av desse må vere ein del av lokal prosjektplan
- Det er ynskjeleg å knytte kulturminne til dagsturhyttene der det ligg til rette for det.
- Det er ynskjeleg med brei medverknad i høve prosessane kring plassering, opparbeiding og drift
- Nokre av hytter i Vestland bør vere universelt utforma
- Plakett med logo til bidragsyter, med mal utforma av fylkeskommunen må plasserast på hytta
- Hytta bør plasserast sentrumsnært, nær skule/ barnehage og med mogleg tilkomst via kollektivtilbod. Det bør vere maks 15.min køyring frå sentrum til startpunkt for fotturen, og vere om lag 30 min. å gå til hytta for dei minste.
Spørsmål kan rettast til: Teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik på tlf: 920 43 233.
Innspel
Vert å senda:
postmottak@modalen.kommune.no o merkast Dagsturhytte.
Frist for innspel: 5.januar
----------------------------------------------------
Dagsturhytte er på sosiale medier som instagram og facebook der de kan finne meir informasjon.
Her kan du lesa om dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane