HeimNyheterNamnekonkurranse nytt kommunehus

Namnekonkurranse nytt kommunehus

Det nye kommunehuset på Mo er snart ferdig. Fram til no har ein brukt arbeidstittelen «Mo nærings- og tenestesenter» på bygget, eit namn dei fleste meiner er for langt og tungt. Formannskapet lyser difor ut namnekonkurranse der premien til vinnaren er ein splitter ny elsykkel. Frist for innsending av namneforslag er fredag 3. desember. Forslaga må sendast på epost til: postmottak. Hugs å få med namnet ditt og kontaktinformasjon i eposten. Merk eposten med: Namnekonkurranse nytt kommunehus


Sist oppdatert: 11.11.2021
Publisert: 11.11.2021