NVE har gått ut med raudt flaumvarsel i vårt distrikt

Det er alt mykje vatn i vassdraga, og meir regn er venta.

Konsekvensar av raudt varsel er at det kan verta omfattande oversvømmelsar, erosjonsskader og flaumskader på utsette stader, og føra til stengde vegar og bruer. Ved Neset og Hugnadstad er det fare for at elva går over vegen.

Rådet frå NVE er å halda seg oppdatert på situasjonen, halda seg unna elver og bekkar med stor vassføring og sikra og flytta verdiar du veit kan stå utsette til for flaum.
Modalen kommune ber innbyggjarar sjekka at bekkar og kummar kring eigedommane er frie for kvistar, lauv og anna som kan hindra vatnet i å renna så fritt som mogleg.

Kommunen fylgjer situasjonen tett og gjer førebyggjande tiltak for å sikra kommunal infrastruktur.

Trykk her for å følgje situasjonen på varsom.no.

Trykk her for å få vite meir om førebygging.

 

Ved spørsmål ta kontakt med døgnvakt teknisk 945 07 373 eller teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik på tlf 920 43 233.


Sist oppdatert: 11.11.2022
Publisert: 11.11.2022