HjemAktueltOlav Nygard - føredrag ved professor Ronny Spaans ved litteraturhuset i Bergen

Olav Nygard - føredrag ved professor Ronny Spaans ved litteraturhuset i Bergen

I ei heilt ny bok om Olav Nygard presenterer Ronny Spaans mykje ukjent stoff – ikkje minst om folk frå Vestmannalaget som spela ei stor rolle for Nygard som diktar, serleg Johs. Lavik, som var illgjeten som  bokmeldar i Gula Tidend. Men han gav ut to av Nygards diktsamlingar i  Gula Tidend og sette samstundes journalist Olav Hammer til å skamrosa  dei. Lavik hadde òg eit forvitneleg brevskifte med Nygard. Alle omtalane av Nygard i Hulda Garborgs dagbok er heller ikkje  attgjevne tidlegare – sume av dei er skakande leseopplevingar - likeins  bokmeldingane hennar av Nygards bøker.

Arrangementet er gratis og det vert sal av Olav Nygard mellom himmelsyn og avgrunn på møtet.


Sist oppdatert: 07.10.2024
Publisert: 07.10.2024