HeimNyheterOppdatering ras Bryggjeslottet

Oppdatering ras Bryggjeslottet

Arbeidet med rensk og sikring av fjellsida bak Bryggjeslottet har vist seg å bli meir omfattande og tidkrevjande enn det såg ut til i byrjinga.
Gjennom synfaring og arbeid i fjellsida har ein undervegs oppdaga mykje meir lausmassar som må handterast før ein kan opne bygget igjen.
I tillegg gjev nedbør og vind i periodar utfordringar i høve til når det er trygt for dei tilsette i fjellsikringsfirmaet å arbeide i fjellsida,
samt utfordringar med å halde sikringsmateriellet på og rundt Bryggjeslottet på plass.
I møte med kommunen har fjellsikringsfirmaet og geologane no estimert at renskearbeidet sannsynlegvis vil gå gjennom heile oktober,
og at ein deretter må bolte fast ein del steinblokker som dei ikkje kan sleppe ned.
Det er ei tydeleg anbefaling frå geologane at desse blokkene bør boltast no i år før gjenopning, då dei elles står i stor fare for å dette ned i løpet av vinteren.
Etter dette må området ryddast og skadar på bygget må utbetrast før ein kan opne igjen.
Det er difor lite truleg å sjå for seg ei opning av Bryggjeslottet før tidlegast i desember, men dette er og eit usikkert estimat.
Kommunen har kontinuerleg kontakt med geologar og fjellsikringsfirmaet, og vil gje oppdateringar når evt ny informasjon vert motteke.

Spørsmål kan rettast til
Teknisk sjef
Tone Selmer Skuggevik
920 43 233


Sist oppdatert: 07.10.2021
Publisert: 07.10.2021