HeimNyheterOppdatert info Bryggjeslottet

Oppdatert info Bryggjeslottet

Kommunen har etter anbodsrunde inngått avtale med Gjerden Fjellsikring om rensk av fjellsida bak Bryggjeslottet. Arbeidet har planlagt oppstart 6. september og er estimert til å ta 2-3 veker, dersom ikkje vær og andre ufoutsette hendingar gjer at det tek lengre tid. Bryggjeslottet må haldast stengt så lenge arbeidet pågår og området må ryddast i etterkant før ein kan opne bygget. Bryggjeslottet vil difor tidlegast kunne opne igjen rundt 1. okt.

Vallokale til Stortingsvalet 13.sept. må difor flyttast til Mo skule.


Sist oppdatert: 25.08.2021
Publisert: 25.08.2021