HeimNyheterOppdatert informasjon ras - Bryggjeslottet

Oppdatert informasjon ras - Bryggjeslottet

Måndag 20. sept vil hovudarbeidet med rensk av fjellsida bak Bryggjeslottet starte opp. Vakt frå Gjerden Fjellsikring AS og geolog vil vere til stades for rådgiving og tilsyn under arbeidet.

Av sikkerheitsomsyn vil sikringssona bli utvida under deler av arbeidet, noko som fører til at Helsehuset og deler av anleggsområdet rundt nybygget må evakuerast i kortare perioder.

(Den stipla linja på biletet viser grensa for den utvida sikringssona)

Nedfall av steinblokker og lausmassar vil kunne føre til både høg støy og spreiing av steinsplintar. Det er difor viktig at alle respekterer sikringssona og ikkje oppsøker området når renskearbeidet pågår.

Spørsmål kan rettast til:

Teknisk sjef
Tone Selmer Skuggevik
Tlf. 920 43 233


Sist oppdatert: 17.09.2021
Publisert: 17.09.2021