HeimNyheterPasientreiser

Pasientreiser

Treng du drosje til behandling – kva no?

Modalen er frå 12.oktober ein av dei kommunane som står utan avtale om pasienttransport for pasientar som treng drosje til behandling. Det er Helse Bergen som har ansvar for å inngå slike avtalar i vårt distrikt.

Dei som treng drosje grunna helsetilstand, har stadig rett på dette. Framgangsmåten er at pasient må kontakte behandlar for å få rekvisisjon til reise, så må ein sjølv kontakte drosje-selskap for å bestille drosjen. Pasienter kan søkje digitalt på helsenorge, sjølv om det er også mulig å søkje på papir.
Meir informasjon om dette finn du på helsenorge sine sider. 

Pasientreiser på telefon 05515 kan hjelpe med utfylling. Dei som ikkje kan nytte seg av denne hjelpa, og som heller ikkje har pårørande som kan hjelpe, vil kunne kontakte legekontoret for hjelp.

 


Sist oppdatert: 27.10.2020
Publisert: 26.10.2020