Start av vaksinasjon mot korona i Modalen
Me har no fått beskjed om at me får 5 doser korona-vaksine i veke 1 2021. Desse dosane går til bebuarar ved Modalstunet, og me planlegg oppstart av vaksinering der i veke 1.
Signala vidare no, er at me får jamlege sendingar utover vinteren med vaksiner, men me veit ikkje kor mange me får i kvar sending.
Me vaksinerer etter gjeldande prioriteringsliste frå sentrale helse-styresmakter. Lista er å finne på nettsida www.fhi.no, under koronavaksinasjonsprogrammet. Det er dei eldste som skal få vaksine først. I Modalen har me gjort avtale med Vaksdal kommune, slik at dei som har fastlege her, får tilbod om vaksine i Modalen.
I første omgong vil dei som blir prioritert bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste. Me ringjer opp til dei som får vaksine i dei første rundane.
Det er viktig at du har tatt stilling til om du ønskjer å ta vaksina eller ikkje før me kontaktar deg. Det er frivillig å ta vaksina, og den er heilt gratis.