HeimNyheterTilbod om hurtigtest barn, unge og uvaksinerte i Modalen kommune

Tilbod om hurtigtest barn, unge og uvaksinerte i Modalen kommune

Dei unge og ikkje-vaksinerte er dei som no mest i fare for å bli smitta av covid og den nye delta-varianten.

Difor har Modalen kommune frå i dag eit tilbod til alle ikkje-vaksinerte og alle som berre har fått 1.dose vaksine
for mindre enn tre vekar sidan om å få gjort hurtigtest.

Ring koronatelefonen for avtale 94507378

Vi oppmodar spesielt ungdom under 18 og foreldre til born og unge under 16 om å ta kontakt om ungdomen pendlar til skule eller jobb i annan kommune.

Skuleborn gjer sjølvtesting på skulen i Modalen etter samtykke frå foreldra. Dette går veldig fint!

Barnehageborn kan få gjort test i barnehagen av helsepersonell om foreldre gjev samtykke.
Det er tilrådd test om borna verkar sjuke eller forkjølte.
Leiar i barnehagen tek kontakt for avtale om test, 94507378.


Sist oppdatert: 27.08.2021
Publisert: 27.08.2021