HeimNyheterVaksiner 2022 og 2023

Vaksiner 2022 og 2023

Tilbod om influensavaksinering 2022/2023

Tid og stad:

1/11 frå kl: 15.00 til kl: 18.00 og den 3/11 kl: 15.00-18.00 i bryggeslottet.

Etter denne dato kan du få vaksine på legekontoret om du er til konsultasjon eller kjem innom.

Pris: 200 kroner

Gratis for kommunalt tilsette

Pneumococcvaksine

Tid og stad:

1/11 frå kl: 15.00 til kl: 18.00 og den 3/11 kl: 15.00-18.00 i bryggeslottet.

Du bør vaksinere deg kvart 6.år

Pris: 400 kroner

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg

Bebuar i omsorgsboligar og sjukeheim

Alle frå fylte 65 år

Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine

Prematurt fødde born, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år

Born og vaksne med:

kronisk lungesjukdom (inkludert astma),

hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),

diabetes type 1 og 2.

leversvikt eller nyresvikt.

kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft.

nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar),

svært alvorleg fedme (KMI over 40),

anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege. (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert anna stad).

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie.

Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.

Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefte influensasjuk tam fugl.

Personar i følgjande risikogrupper bør da pneumkokkvaksine

Alle personar over 65 år. 

Personar med sjukdom som gir immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret. Vaksinen er også anbefalt ved fleire kroniske sjukdommar og enkelte andre sjukdommar som gir økt risiko for pneumokokksjukdom

Snakk med fastlegen din om du har en sjukdom som gjev økt risiko for alvorleg pneumokokksjukdom.  

Personar som gjennom sitt yrke har auka risiko for smitte t.d. laboratoriepersonell og personar som er eksponert for sveiserøyk. 

 

Biverknad av vaksine

Injeksjonsvaksine mot influensa kan gi ømheit, raudheit og hevelse på stikkstaden, samt feber, lett sjukdomsfølelse og muskelsmerter. Allergiske reaksjonar eller andre alvorlege bivirkningar førekomer sjeldne.


Sist oppdatert: 25.10.2022
Publisert: 21.10.2022