Tilskot frå BKK-Viltfond til fremjing av viltet
- Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
- Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
- Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
- Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings- og informasjonstiltak.
- Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.
Klikk her for å lese handlingsplan for midlane
Skiftleg søknad med prosjektskildring og kostnadsoverslag/budsjett sendast til Vik kommune, epost: postmottak@vik.kommune.no
Merk søknaden med "BKK-viltfond".
Kontaktperson i Vik kommune er landbrukssjef Veronika Seim Bech. Tlf.nr er 909 10 709
Sist oppdatert:
07.02.2024
Publisert:
07.02.2024