HeimNyheterVaksinering mot sesonginfluensa

Vaksinering mot sesonginfluensa

Vaksinering mot sesonginfluensa

Influensavaksine er no komen til kommunen.
Vaksinane er reservert for helsepersonell og personar i risikogrupper i første omgong. Andre kan tidlegast få tilgang til vaksiner etter 1. desember.
I år ynskjer me at alle som kan, får vaksine i samband med legetime for dei som har det i oktober/november . Dette for å unngå å samla meir folk enn naudsynt.


Vaksinering for pasientar i risikogrupper er planlagd i Bryggjeslottet torsdag 29 oktober for personar
Kl 11-12 for personar over 75 år.
Kl 13.30-17 for personar under 75 år.

Risikogrupper:
» Alle som har fylt 65 år
» Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
» Gravide frå 12. uke i svangerskapet
» Barn og vaksne med:
• diabetes mellitus, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom /skade
• nedsatt immunforsvar
• svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annen alvorleg eller kronisk sjukdom

Ekstra viktig i år:
-Kom frisk. Har du luftvegssymptom eller feber må timen utsetjast.
-Hugs reine hender. Me har handdesinfeksjon ved inngangsdør, og i ventelokalet.
-Hald avstand. Ha minst ein meter til andre. Ikkje flytt på stolar som er oppsett

Om betaling i år:
• Sentrale helsestyresmakter ynskjer at mange skal ta influensa-vaksine i år, og har difor subsidiert vaksinering hjå fastlegane og i kommunen.
• Personar i risikogruppene betaler kun eigendel på 50,- for å setje influensa-vaksine. Dei som har frikort skal ikkje betale noko.
• Personar i målgruppene som velgjer å ta vaksinen på apotek, betaler fullpris.
• Andre som ynskjer vaksine ved legekontoret betalar 200,- for vaksinering. Dette kan først skje etter 1. desember.

Helsetjenester 


Sist oppdatert: 16.10.2020
Publisert: 16.10.2020