HeimNyheterVal 2021

Val 2021

Oppdatert informasjon om valet 2021

Utlegging av manntal til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet måndag 13. september 2021 må du stå innført i manntalet i Modalen kommune.

Manntalslistene vert lagt ut til ettersyn i tida medio juli til og med måndag 13. september.
Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, kan krav om retting sendast til Modalen kommune, Valstyret, Postboks 44, 5732 Modalen. Dersom du har flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du må då røyste i den kommunen som du er manntalsført i, eller du kan førehandsrøyste i Modalen.

Manntalet vert lagt ut på desse stadane:

For begge krinsane (Mo og Øvre Helland):
Kundetorget 2.etg konferanserom
Biblioteket i Bryggjeslottet
Modalstunet
Coop Mo
Coop Øvre Helland


Sist oppdatert: 30.06.2021
Publisert: 29.06.2021