Val til ungdomsråd

Det skal veljast til saman 5 medlemmer og 2 varamedlemmer til ungdomsrådet som først vert valt blant ungdomane, før kommunestyret får saka til endeleg behandling i desember. Første møte i ungdomsrådet vil bli gjennomført 30.november.

For elevar i 8., 9. og 10. klasse ved Mo skule vert valet gjennomført fredag 18.november i skuletida.

Ungdomar fødd i 2004,2005 og 2006 og heimehøyrande i kommunen er personleg invitert til å melde seg, samt stemme ved val torsdag 17.november. Ta kontakt med kundetorget postmottak@modalen.kommune.no dersom du ikkje har motteke invitasjon og ønskjer å bidra.

 

Kva gjer eit ungdomsråd? 

Ungdomsrådet arbeider for at Modalen kommune skal vera ein god kommune å veksa opp i og skal vera med å gje råd i beslutningar som påverkar born og ungdom. Dette gjeld både utdanning, kultur, miljø, samferdsle, idrett, helse og samfunnsutviklign.

Medlemmer i ungdomsrådet kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet

Ungdomsrådet i Modalen har eigne vedtekter

 

 


Sist oppdatert: 15.11.2022
Publisert: 15.11.2022