Vil du bli Støttekontakt/Fritidskontakt?

Mange treng støttekontakt. Nokon klarer ikkje kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike. Difor treng me og ulike støttekontaktar. Du bør vere over 18 år og må kunne leggje fram politiattest. 

 

Slik søkjer du:

Send ein kort søknad der du skriv litt om deg sjølv (erfaringar, kvalifikasjonar og fritidsinteresser)

Send den til:

Modalen kommune, avd. Psykisk Helse, Postboks 44, 5732 Modalen

Jorunn.harvik.brekkhus@modalen.kommune eller Bente.havag@modalen.kommune.no

Evt. Kontakt oss på telefon:

Jorunn H. Brekkhus: 99 09 00 02

Bente K. Håvåg: 97 67 76 74

 

Kva skjer vidare:

Me prøver å svare deg innan fire veker.

Vi kallar deg inn til ein samtale for å finne ut meir om deg og gje deg meir informasjon om det å vere støttekontakt.

Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar.


Sist oppdatert: 22.11.2022
Publisert: 10.11.2022