Oppdatering 05.08.2022
Korona og luftvegsinfeksjoner
Smittebølga i Norge i har passert smittetoppen, og er i svak nedgang. Det same ser me i Modalen. Me kan få ein auke igjen når folk kjem heim frå ferie. Me kan og få ein endra situasjon om det kjem nye virusvariantar som er meir smittsame.
Nå er det viktig at innbyggjarane over 65 år og dei som bur på sjukeheim tek ein fjerde vaksinedose. Alle med alvorleg svekka immunforsvar bør ta ein ny vaksinedose no får i sikre god beskyttelse mot koronasjukdom.
Kommunen er difor allereie i gang med ny vaksinering 4. og 5. dose. Kvar tysdag og torsdag klokka 14-17 på Bryggjeslottet. Kommunen førebur seg og på å vaksinere fleire grupper etterkvart.
Folk flest kan no halde fram med ein normal kvardag utan eigne smitteverntiltak mot covid-19. Helsepersonell følgjer eigne retningslinjer.
Du kan leve som normalt ved lette symptom på forkjøling. Om du kjenner deg sjuk med allmennsymptom og symptom frå luftvegane hald deg heime til du er frisk. God hygiene og munnbind hindrar smitte vidare. Om du er uroa for alvorleg sjukdom kontakt legekontoret.
For mei informasjon, følg lenka
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Råd om smittevern
• Ha god hand- og hostehygiene
• Følg vaksinasjonsprogrammet
• Test deg ved symptom. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
• Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
• Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.
Råd til risikogrupper og uvaksinerte
• Dersom du har risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte, må du sjølv vurdere risikoen for smitte og eigen risiko for alvorleg sjukdom mot behovet for kontakt med andre. Det gjeld også for dei som ikkje er vaksinerte.
• Om du har høg risiko for alvorleg sjukdom bør du rådføre deg med legen din om du bør skjerme deg i periodar med mykje smitte.
• Sjå meir om risikogrupper for koronasjukdom på helsenoreg.no
Avstand og sosial kontakt
• Det er ikkje lengre generelt råd om 1 meters avstand i samfunnet.
• Dersom du har nyleg oppståtte luftvegssymptom, bør du halde avstand til andre, særleg til personar i risikogrupper.
• Med eit høgt smittepress som no, bør grupper som framleis har auka risiko for alvorleg sjukdom, avgrense talet på nærkontaktar.
Munnbind
• Det er ikkje lenger påbod om å bruke munnbind.
• Er du nærkontakt med personar i risikogrupper og du har luftvegssymptom eller forkjøling, bør du nytte munnbind. Kven som er i risikogrupper finn du på Helsenoreg.no
Testing
• Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått bør du teste deg for koronasjukdom.
• Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje teste deg.
• Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrere dette i kommunen sitt system for å spore smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet.
• Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, bør du ta ny test på ein teststasjon og få stadfesta den positive sjølvtesten.
• Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane.
Isolasjon
• Dersom du blir smitta med korona er det ikkje lenger eit krav at du må isolere deg.
• Har du fått stadfesta koronasmitte bør du halde deg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til du har vore feberfri i eitt døgn. Hald avstand til andre i heimen og bruk munnbind.
• Barn i grunnskulealder og yngre, treng ikkje halde seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Desse barna treng berre halde seg heime dersom dei er sjuke, og dei kan gå på skulen eller i barnehagen når dei har vore utan feber i 24 timer.
Smittesporing
• Om du blir smitta med korona treng du ikkje lenger informere nærkontaktane dine om smitten.
Skular barnehagar og SFO
• Skular barnehagar og SFO kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
• Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta.
Universitet, høgskular og fagskular
• Universitet, høgskular og fagskular kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
• Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta.
Arbeidsliv
• Arbeidslivet generelt kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.
• Arbeidsgjevarar må sjølv vurdere kva behov dei har for å hindre smitte og gje retningsliner for sine tilsette. Det er viktig å leggje tilhøva til rette på arbeidsplassane slik at risikogrupper har naudsynt fleksibilitet.
Arrangement og samankomstar
• Arrangørar kan ha normal drift som følgjer dei overordna råda om smittevern til befolkninga.
• Det er ikkje lengre krav til arrangørar om storleiken på arrangement og samankomstar. Det er heller ikkje krav om å leggje til rette for avstand mellom deltakarar.
• Det er ikkje lengre krav om at drifta skal være smittevernforsvarleg etter covid-19-forskrifta.
Smittevernfagleg forsvarleg drift
• Regjeringa opphevar krav til smittevernfagleg forsvarleg drift for å kunne halde opent for bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknadar, fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande.
• Desse verksemdene kan ha normal drift som følgjer dei overordna råda om smittevern til befolkninga.
Inn og utreise
• Regjeringa har oppheva forskriftsfesta krav ved reise inn til Noreg. No gjeld dei ordinære råda om smittevern, som til dømes å teste seg om ein har symptom.
• Det er framleis ikkje ein normal tilstand i mange land. Fleire land har dei strenge restriksjonar og smitteverntiltak for dei som vil reise dit.
Ved reise til og frå Svalbard gjeld framleis særlege krav
• Det er framleis krav om test før avreise til Svalbard. Unntatt frå dette kravet er dei som kan dokumentere at dei er fastbuande på Svalbard eller at dei er fullvaksinerte eller har vore gjennom koronasjukdom.
• Alle som kjem til Svalbard framleis teste seg for covid-19 innan 24 timer etter at dei har kome fram.
Oppdatering 02.02.22
Regjeringa har, tysdag 1. februar, fatta vedtak om endringar i covid-19 tiltak
Alle endringane gjeld frå kl 23.00 tysdag 1. februar 2022
Du finn detaljert informasjon om endringane på regjeringa.no
Her er ei oversikt over endringane
Barnehagar, skular og skulefritidsordningar
• Det er framleis krav om smittevernfaglig forsvarleg drift.
• Det betyr i praksis at skular og barnehagar går til grønt nivå.
Høgare utdanningsinstitusjonar
• Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
• Regjeringa anbefaler at høgskular, universitet og fagskular legg opp til at studentar kan vere fysisk til stades ved undervisning.
• Høgare utdanningsinstitusjonar treng ikkje følgje tilrådinga om 1 meters avstand ved undervisning.
Organisert idrett og fritidsaktivitetar
• All organisert idrett og fritidsaktivitetar kan gjennomførast som normalt.
Arbeidsliv
• Regjeringa anbefaler at folk held 1 meter avstand til kvarandre
• Regjeringa anbefaler at arbeidsgjevar sjølv vurderer kor mykje bruk av heimekontor som er riktig for den enkelte arbeidsplassen. Ved ei slik vurdering bør arbeidsgjevar legge vekt på risiko for smitte på arbeidsplassen og kor sårbar verksemda er for eit høgt, samtidig sjukefråvær.
• Arbeidsgjevar bør ta omsyn til at det er mogleg å halde avstand på arbeidsplassen.
Serveringsstader
• Det er ikkje lenger skjenkestopp for serveringsstader
• Det er heller ikkje krav om bordservering
• Serveringsstader skal legge til rette for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
• Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestane enn 1 meter, til dømes dansing.
Arrangement og samankomstar
• Det er ingen avgrensingar på kor mange gjestar du kan ha heime, eller tal på deltakarar på private eller offentlege samankomstar.
• Det er framleis krav om smittvernfagleg forsvarleg drift (sjå under)
• 1-meterkravet gjeld ikkje for personar som sit på faste tilviste plassar.
• Det betyr at det er mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle i publikum sit på ein tilvist plass.
Testing, smitte og isolasjon
• Isoleringstida for deg som er smitta er no fire døgn.
• Du som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom du har vore feberfri i minst 24 timar.
• Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene
• Regjeringa anbefaler at du som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tar ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta.
• Viss du ikkje kan halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at du testar deg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette - til saman i ni dagar.
• Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
• Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Du bør unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
• I tillegg bør du følgje med på symptom under heile testperioden. Dersom du får symptom, bør du halde deg heime og ta ein sjølvtest.
• Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld òg når det er smitte i husstanden.
Smittesporing
• Dersom du er smitta, bør du sjølv informere nærkontaktane dine. Kommunen kan hjelpe deg ved behov.
• Du bør registrere positiv sjølvtest hos kommunen.
• Regjeringa anbefaler at du òg registrerer positiv test i appen Smittestopp.
Avstand og sosial kontakt
• Anbefalinga om 1 meter avstand til andre enn hustandsmedlemmar gjeld framleis.
• Anbefalinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
• Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
• Regjeringa anbefaler framleis å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand til andre.
Munnbind
• Det er påbode å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre i butikkar, på kjøpesenter, på serveringsstadar, på kollektivtransport, i taxi og på innandørs stasjonsområde.
• Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.
Smittevernfagleg forsvarleg drift
• Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr at verksemda skal sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære.
• Verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
• Desse verksemdene skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader, underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande.
Oppdatering 29.01.2022
Testing, sjølvtestar og karantene
Regjeringa har gjort endringar i strategien om testing, isolering, sporing og karantene (TISK). Det inneber at du no får eit større ansvar dersom du blir smitta med koronavirus.
Les om kva som gjeld, korleis du melder smitte og korleis du får tak i hurtigtestar på nettsida til kommunen: Modalen kommune - Aktuelt korona
Nye karantenereglar frå 26.januar
Etter nye karantenereglar kan bruk av sjølvtestar erstatte både bruk av PCR-testing for trippelvaksinerte og karantene for husstandsmedlem.
Desse treng ikkje bekreftande PCR-test om dei testar positivt på eigentest:
• Personar som har fått tredje vaksinedose eller som har fått to doser koronavaksine og har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene
Registrering av positiv hurtigtest
Tek du sjølvtest, og den viser at du er smitta med koronavirus (positiv test), må du følgje reglane for isolasjon.
Trykk her for å lese om reglane for karantene og isolasjon på helsenorge.no.
Inntil vidare har ikkje kommunen ei digital løysing der du registrer positiv koronatest. Har du testa positivt på hurtigtest, ring legekontoret på tlf 56 59 90 40 eller koronatelefonen 94 50 73 78 og meld ifrå.
Varsle dine nærkontaktar
Du må sjølv varsle nærkontaktane dine ved positiv test. Nærkontaktar vil seie:
• Husstandsmedlemer og tilsvarande nære (for eksempel kjærast eller bestevenn).
• Andre nærkontaktar. Dette gjeld alle du har vore i kontakt med - i meir enn 15 minutt og der avstanden har vore under 2 meter - mens du har vore smitteførande.
Nye regler for karantene for alle nærkontaktar
No treng du ikkje gå i karantene sjølv om du er nærkontakt om du ikkje har symptom. Karantene er erstatta med dagleg testing i fem døgn etter siste kontakt med den som er smitta.
Om det ikkje er mogeleg å halde avstand til den som er smitta i isolasjonsperioden kan du teste deg dagleg i 11 døgn. Reglane gjeld og for barn.
Er du nærkontakt eller har symptom får du gratis hurtigtester frå kommunen.
Kvar henter du hurtigtestar?
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for Covid får du på legekontoret, på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Oppdatering 19.01.2022
Vaksine til born og ungdom
Regjeringa har opna for at :
• Born i alderen 5-11 år kan få tilbod om ein vaksinedose. FHI anbefaler ikkje at alle born i denne aldersgruppa tar vaksinen. Vaksinen er mest aktuelt for born med kroniske sjukdomar, familiar der born har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse og born som har auka risiko av andre grunner. Born i denne aldersgruppa får eigne bornedosar. Desse vaksinane kjem tidlegast til kommunen i veke 5.
• Ungdomar i alderen 12-15 kan få tilbod om dose 2. FHI tilrår at ungdomane kan få dette tilbodet 8-12 veker etter dose 1, men det er ingen generell anbefaling om dose to til ungdomar i denne aldersgruppa.
• Ta kontakt med Helsesenteret dersom du ynskjer å bestille vaksine til ditt born eller ungdom.
• Les heile pressemeldinga: regjeringa .no
Smitte - Oppdatering 12.01.22
Tre nærkontaktar til tidlegare smittetilfelle har i dag testa positivt på Covid-19.
Dei smitta har tilknyting til både skule og barnehage.
Smittesituasjonen er framleis oversiktleg og under kontroll.
Det er no særs viktig at alle føl smittevernråda og dei nasjonale retningslinjene.
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for Covid får du på legekontoret, på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand til andre.
Husk god håndvask.
Smitte - Oppdatering 10.01.22
Ein ny person med tilknytning til Mo skule har i dag testa positivt på Covid-19.
Skulen og kommuneoverlegen har dialog om om vidare tiltak, testing, karantene og liknande.
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for covid får du på legekontoret og på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand.
Smitte - Oppdatering 05.01.22
To personar har i dag testa positivt på Covid-19 i Modalen.
Det eine tilfellet har tilknytning til Mo skule.
Skulen og kommuneoverlegen har dialog om om vidare tiltak, testing, karantene og liknande.
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for covid får du på legekontoret og på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand.
Oppdatering 28.12.21
I samband med smittesporing av person med positiv test knytt til Modalen barnehage har me ikkje funne fleire positive prøvesvar.
Me oppmoder no foreldra i barnehagen til å teste borna kvar dag denne veka, og så to gonger i veka fram til medio januar. På skulen vert testinga gjort i skuletida.
På sjukeheimen og helsesenteret tester alle tilsette seg to gonger i veka.
Alle som har symptom må teste seg, og dei må halde seg heime om dei kjenner seg sjuke.
Ta kontakt med legekontoret eller koronatelefonen 94507378 om de har spørsmål.
Oppdatering 24.12.21
VAKSINERING OG KARANTENEREGLER
Det vert covid-vaksinering og influensa-vaksinering første veka i 2022.
Vaksineringa er gratis for alle. Ta kontakt om du har spøremål.
Testing eller spørsmål om korona ring 94507378
Koronatelefonen er open i heile jule-nyttårshelga mellom klokka 10 og 14
Du kan ringe for råd eller testing gjennom heile jule-nyttårs-helga.
Nye karantenereglar gjer at du kan teste deg ut med hurtigtest på dag sju.
Helsepersonell må ta eller observere testinga, ta difor kontakt om du har spørsmål.
Du kan hente hurtigtestar på sjukeheimen eller i barnehagen men du må ringe først 56599090
Oppdatering 15.12.21
Nasjonale tiltak frå 15. des 2021
Frå og med midnatt natt til onsdag 15. desember, og minst 4 veker framover, gjeld nye nasjonale råd og reglar. Kommunale kontor, unntatt legekontoret, vert stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon. Me oppmodar folk om å setje seg godt inn i alle dei nye tiltaka og halde fram det gode arbeidet med å følgje smittevernråd – og å kome for testing ved luftvegssymptom. Det er god testkapasitet i Modalen.
Nokre av dei viktigaste nye tiltaka er:
• Gult nivå i barnehagar, barne- og ungdomsskular.
• Alle som kan ha heimekontor skal ha heimekontor. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar
• Skjenkjestopp over heile landet.
• Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand til andre
• Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Reduser talet på nærkontaktar dersom mogleg.
Les meir om alle dei nye tiltaka her
Oppdatering 08.12.2021
Regjeringa innfører nye nasjonale råd og reglar frå og med midnatt natt til torsdag 9. desember. Tiltaka vare i utgangspunktet i 4 veker.
Blant dei viktigaste tiltaka er at alle bør halde ein meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære personar, nasjonal skjenkestopp ved midnatt, nasjonalt påbod om å gå med munnbind der ein ikkje kan oppretthalde ein meters avstand, maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale, og ei tilråding om å ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand.
Råd og tilrådingar
Avstand og sosial kontakt
• Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
• Tilrådinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
• Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vera ein meters avstand mellom gjestene. Alle må tenkja gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
• Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt antal gjester.
• Reduser antal nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
• Treff andre utandørs der det er mogeleg.
Organiserte fritidsaktivitetar
• Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogeleg, og garderobar bør haldast stengt.
• Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs tilrådast det at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare tilrådast det at vaksne innandørs held avstand der det er mogeleg for å utøva aktiviteten, og at ein held 2 meter avstand ved høgintensiv trening.
• Det blir ikkje gitt konkret anbefaling om avstand og antal når barn og unge under 20 år trenar og deltar på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.
• Toppidrett kan gjennomførast som normalt.
Skular, barnehagar og SFO
• Jamleg testing i skular med høgt smittetrykk.
• Kommunane skal ved behov igjen ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir vedteke lokalt.
• Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig antal vaksne til stades.
• Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogeleg innføra undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning. Studentar som er avhengige av å gjennomføra forsøk i laboratorium eller ferdigheitstrening, bør prioriterast for fysisk undervisning.
• Universitet, høgskular og fagskular bør leggja til rette for eksamen og obligatoriske kurs, anten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogeleg med godt smittevern. Det same gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne.
Arbeidsliv
• Tilråding om 1 meters avstand og auka bruk av heimekontor.
• Tilråding om munnbind om det ikkje er mogeleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljeveggar eller liknande.
• Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.
Lufting
• Det tilrådast god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
Forskriftsfesta tiltak
Arrangement og samankomstar
• Maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale
• Minnestunder etter begravelser og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda vert rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, sjå nedanfor.
• 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar.
• Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitjeplassar.
• Ved innandørs arrangement skal det bli utpeikt ein arrangør som skal ha oversikt over kven som er til stades og gjennomføringa skal vere smittevernfagleg forsvarleg.
• Skjenkjestopp klokka 24:00 på arrangement med skjenkjebevilling.
• Arrangøren skal sørgja for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det gjerast unntak for fleire grupper, bl.a. for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.
• På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå same husstand kan setja seg nærmare kvarandre etter framkomst.
Serveringsstadar
• Påbod om at serveringsstaden skal sørgja for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vera minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane når gjestene kjem, likevel slik at personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setja seg nærmare kvarandre.
• Serveringsstadar med skjenkjebevilling skal ha sitjeplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.
• Alkohol kan berre serverast ved borda.
• Skjenkjestopp klokka 24.00.
• Serveringsstaden skal registrera kontaktopplysningar til gjester som samtykkjer til det.
Smittevernfagleg forsvarleg drift
• Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og anna opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal igjen ta i bruk trafikklysmodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre noko anna vert vedteke lokalt. Det kan bli aktuelt å igjen setja alle barnehagar og skular i landet på gult nivå.
• Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, fornøyelsesparkar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige marknadar og liknande.
• Dette inneber krav om å sørgja for at det er mogeleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
• Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrera kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.
• Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for mellom anna treningssenter og symjehallar.
Munnbind
• Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogeleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstadar, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
• Munnbindpåbod gjeld også hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
• Det er allereie nasjonal tilråding om å bruka munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal henta jakka di etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av eit fotballstadium.
Heimekontor
• Påbod om at arbeidsgivar skal leggja til rette for heimekontor der det er mogeleg utan at det går ut over tenester som krev nærvær som er viktig og nødvendig for verksemda, til dømes for å vareta barn og sårbare grupper.
Karantene
• Karanteneplikt for nærkontaktar med ein bekrefta smitta der det er mistanke om omikron, blir utvida til også å gjelde andre nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
Fullstendig oversikt kan ein og finne på regjeringa sine heimesider
Oppdatering 03.12.21
Modalen blir inkludert i regional koronaforskrift i bergensområdet
Etter møte med kommunane og helseføretaka i bergensområdet i dag har Statsforvaltaren sendt tilrådingar om forskrift til Helsedirektoratet for vidare vurdering. Etter innspel frå kommunen i går kveld, vart Modalen i dag inkludert i kommunane som forskrifta skal gjelde for.
Lengde på tiltaka
Statsforvaltaren meiner at forskrifta bør vare til og med 7. januar både fordi det trengst tid for å vurdere effekten av forskrifta og fordi det i julehøgtida er auka mobilitet i befolkninga som forhøgar risikoen for smittespreiing. I første arbeidsveka i januar må det gjerast ei vurdering om forlenging eller ikkje.
Statsforvaltaren tilrår å innføre regional forskrift i følgjande kommunar
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Statsforvaltaren tilrår at forskrifta omfattar følgjande tiltak:
- Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom og/eller på kollektivtransport.
- Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette i størst mogleg grad kan uføre arbeid utan auka risiko for smitte på arbeidsplassar, eller ved reiser med kollektivtransport til og frå arbeidsplassen. Aktuelle tiltak kan vere god avatsand på kontorarbeidsplassar eller heimekontor i deler av veka.
- Avgrensingar i talet deltakarar på private arrangement.
- Plikt for serveringsstadar og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
- Plikt til karantene fram til negativt prøvesvar på første test føreligg (ikkje berre ei tilråding som no) òg for born i skulealder som er husstandsmedlemer og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus.
Det vert ikkje innført inngripande tiltak for barnehage og skule med denne forskrifta.
Statsforvaltaren ventar at Helsedepartementet i løpet av arbeidsdagen 03.12.2021 vil ta stilling til om forskrifta skal vedtakast.
Nødvendige tiltak
Både kommunane og helseføretaka har gitt ei tydeleg tilbakemelding om at presset på tenestene er svært stort. Statsforvaltaren meiner at tiltaka er nødvendige for å halde kontroll på pandemien i regionen, og unngå ein situasjon der det kan vere fare for at kommunane og sjukehusa misser evna til å levere kritiske tenester.
Stasforvaltaren meiner at tiltaka i seg sjølve er lite inngripande for born og unge, privatpersonar elles og næringslivet.
Brev etter innspel frå Hdir II - 031221 - GOH.pdf
Oppdatering 23.11.21
COVID+
Ein person har testa positivt på Covid-19 ved legekontoret i Modalen i dag.
Vedkomande er i isolasjon, og følgjer dei regler som gjeld for isolasjon.
Det er ikkje nokon andre kring personen som er smitta.
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for covid får du på legekontoret og på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand.
Om du berre har litt snue må du teste deg to dager om du vil gå på arbeid som vanleg.
Kom på legekontoret, skulen eller barnehagen og få testar.
Oppdatering 22.11.21
Bergen og omegnskommunane Alver,Vaksdal, Samnanger, Bjørnafjorden og Øygarden innfører måndag 22. nov ei ny koronaforskrift med påbod om munnbind på kollektivtransport, taxi, butikkar og kjøpesenter. I tillegg vert det registrering av gjester på serveringsstader. Forskrifta gjeld til og med 20. des. Ein oppfordrer alle som oppsøker nabokommuner til å setje seg inn i kva reglar som gjeld der no.
Modalen er foreløpig ikkje omfatta av denne forskrifta, men ein oppmodar alle om å halde fram det gode arbeidet med å følgje dei generelle smittevernråda:
• Hald deg heime om du er sjuk
• Test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon
• Oppmoding om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand til andre
COVID
Ein person har testa positivt på Covid-19 ved legekontoret i Modalen.
Vedkomande er i isolasjon, og følgjer dei regler som gjeld.
Det er ikkje nokon andre kring personen som er smitta.
Vi ber no alle om å teste seg om dei har symptom på virussjukdom.
Hurtigtestar for covid får du på legekontoret og på skulen og i barnehagen.
Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg!
Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand.
Om du berre har litt snue må du teste deg to dager og du kan gå på arbeid som vanleg.
Ny informasjon om coronasertifikat kjem ev seinare.
Testing, isolasjon og karantene.
Nye reglar gjeldande frå mandag 27.09
Hovedregelen er å vera heime når du er sjuk.
Kontakt helsesenteret for testopplegg og råd 94507378.
Bekrefta smitta skal i isolasjon.
Hustandsmedlemmer og tilsvarande nære skal i karantene.
Dei kan teste seg ut ved
• dagleg sjølvtesting i 7 dager
• PCR annakvar dag i 7 dager
Andre nærkontakter slepp karantene og vert råda til
• Testing
• Bergrensa sosial omgang
• Vere obs! på symptom i 10 dager
• Ha lav! terskel for testing
Om du er lett forkjøla, og ikkje kjenner deg sjuk, og ikkje har vore nær nokon covidsmitta kan du ta to hurtigtestar med ein dag imellom og gå på arbeid eller skule.
Ved smitteutbrot i barnehage eller skule kan dei på same avdeling eller i same klasse framleis kome i barnehagen eller på skulen, men dei må teste seg med to hurtigtestar med ein dag imellom.
Kommunen oppmodar alle som ikkje har tatt corona-vaksine til å gjere det.
Vi har drop-in-vaksinering onsdag 29.09. på Helsesenteret.
På helsesenteret vert det og gitt opplæring og delt ut testar for heimetesting til dei som skal nytte dette. Ring 94507378 for avtale.
Frå neste veke vil det vere mogeleg å ta PCR på helsesenteret og få svaret etter 20 minutt.
Oppdatering 12.08.21
Oppdatering Korona 12.aug 2021 – heimeside og facebook
På grunn av aukande smittetal dei siste vekene innførte Bergen kommune i går lokale restriksjonar og smitteverntiltak fram til 22. aug for å dempe denne utviklinga. Tiltaka i Bergen inneber følgjande:
- Max 10 personar tilstades ved innandørs private samankomster. Fullvaksinerte kjem i tillegg.
- • Påbod om bruk av munnbind når det er fare for å ikkje kunne halde minst 1 meters avstand, til dømes på butikkart, kjøpesenter og kollektivtransport.
- • Påbod om bruk av munnbind i taxi, både for sjåfør og passasjer.
- • Anbefaling om heimekontor for tilsette som er avhengige av kollektivtransport til jobb.
Omegnskommunane Alver, Askøy, Øygarden og Bjørnafjorden oppfordra sine innbyggjarar til å følgje tiltaka i Bergen, utan å forskriftsfeste dei. Slik situasjonen er i Modalen no er det ikkje grunnlag for å innføre restriksjonar hjå oss no. Vi må likevel hugse på at pandemien ikkje er over. Det er framleis viktig å halde avstand, vaske hender og vere heime når ein er sjuk. Kommunen oppfordrar alle som skal besøke Bergen eller andre kommunar om å setje seg godt inn i kva smittevernreglar som gjeld i desse kommunane.
Frå 16. august kan born og unge under 18 år sleppe smittekarantene, hvis nokon i klassen, fritidsaktiviteten eller omgangskretsen er smitta, dersom dei jamleg vert testa.
Husstandsmedlemer, kjærestar og tilsvarande nære kontaktar til den smitta må framleis i karantene.
Unntak frå karantene for barn og unge for å minimere uforholdsmessig bruk av karantene vert gjort ved testregime som følgjer:
- • For born over 12 år: Første test raskast mogleg (dag 1) og vidare nye testar på dag 3 og 5.
- • For born inntil 12 år samt 13-åringar på barneskule: Første test raskast mogleg (dag 1) og vidare éin ny test mellom dag 3 og 5.
Ved skulestart ynskjer kommunen å tilby testing av alle elevar og tilsette for å kunne oppdage smitte så tidleg som mogleg.
Vi vurderer dette som eit godt tiltak i en situasjon der smitten i våre nabokommunar er stigande.
Oppdatering 28.05.21
Pressemelding Mo skule 28. mai 2021.
Ingen fleire positive testar på noverande tidspunkt
Testresultata av alle elevane og tilsette på Mo skule som er rekna som nærkontaktar til den koronasmitta er i dag bekrefta negative frå laboratoriet på sjukehuset. Andre nærkontaktar av den smitta har og testa negativt. Det er såleis ingen fleire bekrefta smittetilfelle i Modalen på noverande tidspunkt.
Helsesenteret har i tillegg i dag testa alle elevar på ungdomssteget med hurtigtestar, sjølv om desse ikkje er i karantene. Også her vart det berre negative prøvesvar.
Oppdatering 27.05.21
Koronautbrot
Alle tilsette og elevar i 6. og 7. klasse ved Mo skule er i karantene etter at ein person knytt til skulen har fått påvist koronavirus. Elevane og dei tilsette er nærkontaktar og må vere i karantene til og med tysdag 1. juni. Vi oppfordrar flest mogleg til å teste seg. Ta kontakt med helsetenesta på telefonnummer 94507378 for å avtale time.
Dei som bur i lag med nærkontaktane må vere i ventekarantene til nærkontakten har testa negativt. Det vert utført testing av ein del elevar og tilsette dei næraste dagane. Dei det gjeld vil bli kontakta av helsetenesta.
Dei føresette har fått informasjon om situasjonen i dag, og får meir informasjon om opplegget for heimeskule frå kontaktlæraren sin.
Sidan mykje personell er i karantene, vil skulen måtte gå over til heimeskule / digital undervisning frå fredag 28. mai til og med tysdag 1. juni.
Ein vil ha tilbod ved skulen til elevar som har foreldre i samfunnskritiske posisjonar. Heimen må ta kontakt med skulen dersom dei har behov for tilbod desse dagane.
I samband med utbrotet vert Modalstunet stengt for besøkande til og med tysdag 1. juni.
Modalen kommune fekk melding om tilfellet torsdag formiddag 27. mai.
Kontaktperson for media i samband med utbrotet er ordførar Kjetil Eikefet. Kommunen vil kome med ytterlegare informasjon etter møte i kriseleiinga fredag 28. mai klokka 1200.
Lokale og nasjonale tiltak frå 16. april 2021
Kriseleiinga har i møte onsdag 14. april gjennomgått lokale og nasjonale råd og tiltak som skal gjelde frå 16. april. Modalen kommune føl dei nasjonale krava og anbefalingane.
Ein oppfordrer alle som oppsøker nabokommuner til å setje seg inn i kva reglar som gjeld der no.
For Modalen gjeld følgjande frå 16. april:
• Det vert oppmoda om å avgrense sosiale kontakter og helst møtast utandørs. Dei nasjonale tilrådingane anbefaler max 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein ha fleire enn fem gjester. Nasjonalt anbefaler ein max 10 sosiale kontaktar pr veke.
• Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert framleis stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
• Heimekontor er framleis anbefalt for alle som har moglegheit til dette. Arbeidsgjevar har ansvar for å gjennomføre dette der det er mogleg. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar.
• Oppmoding om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand til andre.
• Hald henda reine og ver heime dersom du er sjuk.
• Serveringsstader kan halde ope, men det blir skjenkestopp frå klokka 2200. Krav om matservering for å kjøpe alkohol.
• Oppmoding om å unngå unødvendige reiser
• Me oppmodar folk om å halde fram det gode arbeidet med å følgje smittevernråd – og å kome for testing ved luftvegssymptom. Det er god testkapasitet i Modalen.
Bruk av Bryggjeslottet:
Bryggjeslottet vert ope frå 16 april:
- Bassenget: Ope som normalt, både for brikkebrukarar og offentleg bading. Alle må følgje gjeldane smittevernrutiner
- Treningsrom: Ope som normalt. Alle må følgje gjeldane smittevernrutiner
- Biblioteket kan halde ope
- All undervisning av barn og unge
- Trenings- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år
- Vaksne kan drive organisert aktivitet inne i grupper på inntil 10 personar så lenge dei kan halde 1 meters avstand. Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet så lenge dei kan halde 1 meters avstand
Skule/barnehage:
• Skulen har ope på gult nivå
• Barnehagan skal framleis ha ope på gult nivå
• Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort og i tillegg ha ein til to faste besøksvener
Besøksreglar Modalstunet:
• Ingen som sit i karantene grunna korona kan kome på besøk
• Ingen med luftvegssymptom kan kome på besøk.
• Me oppmodar folk som bur i kommunar med stort smittepress om å unngå besøk.
• Besøk må framleis skje på romma, og det er avgrensing på 3 besøkjande om gongen.
• Besøkjande må avtale besøk på førehand, så ein ikkje risikerer at fleire kjem samstundes.
• Alle besøkjande må utføre handhygiene når dei kjem, og gi beskjed når dei går
• Under besøk i sjukeheim:
Besøkjande bør halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, til tilsette og til andre bebuarar enn den dei besøker. Unntak:
• Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkjande, og dei same over tid.
• Dersom både den besøkjande og bebueren er vaksinert, kan dei ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt
• Besøkjande til personar som ikkje er vaksinert mot Covid-19 må bruke munnbind under besøket.
• Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsregler.
• Dersom besøkjande har med mat, bør alle utføre håndhygiene før maten blir servert. Besøkjande skal ikkje nytte kjøkken i institusjonen.
Fritidsreiser/fritidsbustad/arrangement:
• Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til og frå studiestad for studentar kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise. Personer som reiser til kommuner med mindre strenge tiltak bør følge anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.
• Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
• Alle arrangement som samlar personar frå ulike kommunar blir anbefalt utsett eller avlyst. Om det likevel må arrangerast, er regelen maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
• Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som høyrer til same kommune.
• Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
• Utandørs kan inntil 200 personar samlast på offentlege arrangement.
Oversikt nasjonale råd og tiltak frå 15. april:
• https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/
• https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/#nasjonale-regler
Lokale og nasjonale tiltak frå 25. mars – 12 april 2021
Kriseleiinga har i møte tysdag 23. mars gjennomgått lokale Koronatiltak som skal gjelde i Modalen i påsken.
I tillegg har regjeringa publisert nasjonale råd og tiltak som skal gjelde frå 25.mars til 12. april.
Ein oppfordrer alle som oppsøker nabokommuner til å setje seg inn i kva reglar som gjeld der no.
For Modalen gjeld følgjande frå og med 25. mars – 16. april:
• Det vert oppmoda om å avgrense sosiale kontakter og helst møtast utandørs.Dei nasjonale tilrådingane anbefaler max 2 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Nasjonalt anbefaler ein max 10 sosiale kontaktar pr veke.
• Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert framleis stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
• Heimekontor for alle som har moglegheit til dette. Arbeidsgjevar har ansvar for å gjennomføre dette der det er mogleg. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar
• Oppmoding om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 2 meters avstand til andre
• Serveringsstader kan halde ope, men det blir skjenkestopp
• Oppmoding om å unngå unødvendige reiser
• Me oppmodar folk om å halde fram det gode arbeidet med å følgje smittevernråd – og å kome for testing ved luftvegssymptom. Det er god testkapasitet i Modalen.
Bruk av Bryggjeslottet:
• Bryggjeslottet vert stengt for all bruk frå og med torsdag 25. mars til 6. april.
Bryggjeslottet vert ope frå 7. – 16. april for følgjande grupper:
o Bassenget: skulesvømming, trening for unge under 20 år,rehabilitering og opptrening i regi av kommunen
o Treningsrom: Eigne innbyggjarar i kommunen, rehabilitering og opptrening i regi av kommunen, individuell behandling i regi av kommunen
o Biblioteket kan halde ope
o All undervisning av barn og unge
o Trenings- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år
Skule/barnehage:
• Skulen har heimeskule frå 22. mars til og med 26. mars
• Barnehagan skal framleis ha ope på gult nivå
Besøksreglar Modalstunet:
• Ingen som sit i karantene grunna korona kan kome på besøk
• Ingen med luftvegssymptom kan kome på besøk.
• Me oppmodar folk som bur i kommunar med stort smittepress om å unngå besøk.
• Besøk må framleis skje på romma, og det er avgrensing på 3 besøkjande om gongen.
• Besøkjande må avtale besøk på førehand, så ein ikkje risikerer at fleire kjem samstundes.
• Alle besøkjande må utføre handhygiene når dei kjem, og gi beskjed når dei går
• Under besøk i sjukeheim:
Besøkjande bør halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, til tilsette og til andre bebuarar enn den dei besøker. Unntak:
• Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkjande, og dei same over tid.
• Dersom både den besøkjande og bebueren er vaksinert, kan dei ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt
• Besøkjande til personar som ikkje er vaksinert mot Covid-19 må bruke munnbind under besøket.
• Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsregler.
• Dersom besøkjande har med mat, bør alle utføre håndhygiene før maten blir servert. Besøkjande skal ikkje nytte kjøkken i institusjonen.
Fritidsreiser/fritidsbustad:
• Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til og frå studiestad for studentar kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise.
• Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
• Alle arrangement blir anbefalt utsett eller avlyst. Om det likevel må arrangerast, er regelen maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
Oversikt nasjonale råd og tiltak frå 25. mars – 12. april:
• https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-innforer-strengere-nasjonale-tiltak/id2841039/
• https://www.helsenorge.no/koronavirus/nye-nasjonale-tiltak-25-mars/
Oversikt nasjonale tilrådingar for påsken:
• Regjeringens anbefalinger for påsken - regjeringen.no
Lokale og regionale tiltak frå 23. mars – 8. april 2021
Kriseleiinga har i møte tysdag 23. mars gjennomgått lokale Koronatiltak som skal gjelde i Modalen i påsken.
Ein oppfordrer alle som oppsøker nabokommuner til å setje seg inn i kva reglar som gjeld der no.
For Modalen gjeld følgjande frå og med 23. mars – 8. april:
• Det vert oppmoda om å avgrense sosial kontakt, men det er ingen endringar på anbefaling om besøk heime. Her følgjer vi dei nasjonale tilrådingane om inntil 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer, og helst møtast utandørs.
• Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert framleis stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
• Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar
• Oppmoding om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand til andre
• Serveringsstader kan halde ope.
• Oppmoding om å unngå unødvendige reiser
• Me oppmodar folk om å halde fram det gode arbeidet med å følgje smittevernråd – og å kome for testing ved luftvegssymptom. Det er god testkapasitet i Modalen.
Bruk av Bryggjeslottet:
• Bryggjeslottet vert stengt for all bruk frå og med fredag 26. mars til 6. april
Biblioteket er ope 25. og 26. mars
Skule/barnehage:
Skulen har heimeskule frå 22. mars til og med 26. mars
• Barnehagen skal framleis ha ope på gult nivå
Besøksreglar Modalstunet:
• Ingen som sit i karantene grunna korona kan kome på besøk
• Ingen med luftvegssymptom kan kome på besøk.
• Me oppmodar folk som bur i kommunar med stort smittepress om å unngå besøk.
• Besøk må framleis skje på romma, og det er avgrensing på 3 besøkjande om gongen.
• Besøkjande må avtale besøk på førehand, så ein ikkje risikerer at fleire kjem samstundes.
• Alle besøkjande må utføre handhygiene når dei kjem, og gi beskjed når dei går
• Under besøk i sjukeheim:
Besøkjande bør halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, til tilsette og til andre bebuarar enn den dei besøker. Unntak:
• Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkjande, og dei same over tid.
• Dersom både den besøkjande og bebueren er vaksinert, kan dei ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt
• Besøkjande til personar som ikkje er vaksinert mot Covid-19 må bruke munnbind under besøket.
• Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsregler.
• Dersom besøkjande har med mat, bør alle utføre håndhygiene før maten blir servert. Besøkjande skal ikkje nytte kjøkken i institusjonen.
Fritidsreiser/fritidsbustad:
• Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til og frå studiestad kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise.
• Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
• Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
Oversikt nasjonale tilrådingar for påsken:
• Regjeringens anbefalinger for påsken - regjeringen.no
Lette i besøksreglar ved Modalstunet 18.02.2021
No når alle bebuarane ved sjukeheimen er fullvaksinert mot korona, er det råd å justere på besøks-reglane. Me må likevel ha nokre reglar:
Følgjande gjeld for Modalstunet frå 18.febr:
-Ingen som sit i karantene grunna korona kan kome på besøk
-Ingen med luftvegssymptom kan kome på besøk.
-Me oppmodar folk som bur i kommunar med stort smittepress om å unngå besøk.
-Besøk må framleis skje på romma, og det er avgrensing på 3 besøkjande om gongen.
-Besøkjande må avtale besøk på førehand, så ein ikkje risikerer at fleire kjem samstundes.
-Alle besøkjande må utføre handhygiene når dei kjem, og gi beskjed når dei går
- Under besøk i sjukeheim:
Besøkjande bør halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, til tilsette og til andre bebuarar enn den dei besøker. Unntak:
• Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkjande, og dei same over tid.
• Dersom både den besøkjande og bebueren er vaksinert, kan dei ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt
- Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsregler.
- Dersom besøkjande har med mat, bør alle utføre håndhygiene før maten blir servert. Besøkjande skal ikkje nytte kjøkken i institusjonen.
Lokale og regionale tiltak frå 8. februar 2021
Styresmaktene har frå og med 7. februar innført strenge smittevernstiltak i Bergen og 12 omegnskommunar, inkludert Alver, Voss og Vaksdal. Modalen er foreløpig ikkje omfatta av desse strenge restriksjonane men kriseleiinga har måndag morgon vurdert om nokre av desse tiltaka skal gjelde i Modalen og.
Ein oppfordrer alle som oppsøker nabokommuner til å setje seg inn i kva reglar som gjeld der no.
For Modalen gjeld følgjande frå og med 8. februar:
- Det vert oppmoda om å avgrense sosial kontakt, men det er ingen endringar på anbefaling om besøk heime. Her følgjer vi dei nasjonale tilrådingane om inntil 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer, og helst møtast utandørs.
- Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert framleis stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
- Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar
- Oppmoding om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand til andre
- Serveringsstader kan halde ope
- Oppmoding om å unngå unødvendige reiser
Me oppmodar folk om å halde fram det gode arbeidet med å følgje smittevernråd – og å kome for testing ved luftvegssymptom. Det er god testkapasitet i Modalen.
Bruk av Bryggjeslottet:
- Barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet.
- Basseng og treningsrom vert halde ope
- Ope for all undervisning for barn og unge.
- Biblioteket vert halde ope.
- Kino kan gjennomførast
Skule/barnehage:
- Skulen skal framleis ha ope på gult nivå
- Barnehagar skal framleis ha ope på gult nivå
For dei eldre i Modalen får dette følgjande konkrete konsekvensar:
- Det er ope for besøk til bebuarar ved Modalstunet med 2 besøk pr. veke av 2 pårørande/besøkjande, kvart besøk inntil 1 time. Eigne besøksreglar for bebuarar i livets siste fase.
- Opning av dagsenter-tilbod må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil kome.
- Trimtilbod for eldre må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil kome.
- For nærare informasjon ta kontakt med Modalstunet på telefon 56 59 90 90.
Oversikt nasjonale råd og tilrådingar:
• Regjeringa fjernar rådet om å unngå å ta imot gjester heime. Dei opnar for at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer, men oppmodar framleis til å avgrense den sosiale kontakten og helst møtast utandørs.
• Smitteverntiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular frå onsdag. Kommunar med høgt smittepress bør likevel vurdere å behalde raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular, og ved behov gå til raudt nivå òg i barnehagar og barneskular.
• Barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet. Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.
• Alle universitet, høgskular og fagskular bør framleis bruke digital undervisning der dette er mogleg. Alle planlagde arrangement bør vere digitale, og større forelesingar og samankomstar bør unngåast.
• Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til studiestad kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise.
• Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
• Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette.
• Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
• Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osb., likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmontert.
• Maks 200 personar på arrangement utandørs, likevel 600 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete.
Oppdatering - nasjonale tiltak 18. januar 2021
Regjeringa har på pressekonferanse måndag 18. januar offentleggjort oppdatering av nasjonale Koronatiltak og restriksjonar som skal gjelde frå og med 19. januar
For Modalen inneber dette mellom anna:
Bruk av Bryggjeslottet:
• Barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet.
• Basseng og treningsrom vert halde ope
• Ope for all undervisning for barn og unge.
• Biblioteket vert halde ope.
• Kino kan gjennomførast
Skule/barnehage:
• Smitteverntiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular frå onsdag 20. janaur
• Barnehagar skal framleis ha ope på gult nivå
For dei eldre i Modalen får dette følgjande konkrete konsekvensar:
• Det blir opna for besøk til bebuarar ved Modalstunet frå 19.januar med 2 besøk
pr. veke av 2 pårørande/besøkjande, kvart besøk inntil 1 time. Eigne besøksreglar for bebuarar i livets siste fase.
• Opning av dagsenter-tilbod må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil kome.
• Trimtilbod for eldre må utsetjast inntil vidare. Meir informasjon om oppstart vil kome.
• For nærare informasjon ta kontakt med Modalstunet på telefon 56 59 90 90.
Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette. For kommunalt tilsette skal dette avklarast nmed næraste leiar.
Oversikt nasjonale råd og tilrådingar frå 19. januar:
• Regjeringa fjernar rådet om å unngå å ta imot gjester heime. Dei opnar for at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer, men oppmodar framleis til å avgrense den sosiale kontakten og helst møtast utandørs.
• Smitteverntiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular frå onsdag. Kommunar med høgt smittepress bør likevel vurdere å behalde raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular, og ved behov gå til raudt nivå òg i barnehagar og barneskular.
• Forbodet mot skjenking av alkohol på restaurantar og pubar blir vidareført. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av forbodet neste veke.
• Barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet. Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.
• Alle universitet, høgskular og fagskular bør framleis bruke digital undervisning der dette er mogleg. Alle planlagde arrangement bør vere digitale, og større forelesingar og samankomstar bør unngåast.
• Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til studiestad kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise.
• Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
• Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette.
• Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
• Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osb., likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmontert.
• Maks 200 personar på arrangement utandørs, likevel 600 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete.
04.01.2021 Oppdatering
Den kommunale kriseleiinga har i møte i dag gått gjennom dei nasjonale tiltaka som gjeld for 4. – 19. januar, og kva lokale konsekvensar desse får. Modalen kommune oppfordrar alle til å setje seg godt inn i desse.
For dei eldre i Modalen får dette følgjande konkrete konsekvensar:
• Det blir ikkje anbefalt besøk i det heile ved Modalstunet frå 4.jan til 19.januar, men unntak for besøk til personar som er i livets siste fase.
• Opning av dagsenter-tilbod må utsetjast til etter 19.januar. Meir informasjon om oppstart vil kome.
• Trimtilbod for eldre blir ikkje starta opp før etter 19.januar. Meir informasjon om oppstart vil kome.
• For nærare informasjon ta kontakt med Modalstunet på telefon 56 59 90 90.
Konsekvensar for bruk av Bryggjeslottet:
• Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 19. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar.
• Basseng og treningsrom vert halde ope
• Ope for all undervisning for barn og unge.
• Biblioteket vert halde ope.
• Kino kan gjennomførast
Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon
Nasjonale tiltak og anbefalingar, gjeldande frå 4. januar til 19. januar:
• Ikkje ha besøk heime. Vent 14 dagar før du har besøk eller besøker andre. Dette gjeld ikkje dei som har nære i livets siste fase. Barn kan også ha besøk av barn frå same kohort i barnehage og skule.
Pålegg som kjem, og ein kan risikere bot om ein bryt desse reglane:
• Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope.
• Maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd.
• Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs. Men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.
Nasjonale råd og anbefalingar:
• All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert gjort digitale fram til 19. januar. Folkehøgskular og bibelskular skal følge råd frå lokale helsestyresmakter.
• Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular skal gå over til raudt nivå.
• Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Men du kan dra på hytta med folk du bur saman med.
• Alle som kan ha heimekontor, bør ha dette.
• Kjøpesenter og butikkar bør ha åtgangskontroll og avgrensingar på kor mange personar som kan kome inn i lokalet. Dette er for at det skal vere mogleg å halde avstand.
• Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar, men ikkje gravferder.
• Utandørsaktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre.
• Toppidretten har eit særskild unntak, og vert ikkje omfatta av anbefalingane.
Særskild anbefalingar for regionar med høgt smittepress: (Gjeld førebels ikkje Modalen)
• Vurdere om barnehagar og barneskular skal følge rettleiaren for «raudt nivå».
• Vurdere påbod om munnbind på offentlege stader kor det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til andre.
• Vurdere påbod om heimekontor for dei som kan på stader med høgt smittepress.
• Vurdere påbod om stenging av treningssenter, bingo og svømmehaller.
4.12 Oppdaterte smitteverntiltak for Modalen
Smittesituasjonen i området rundt oss er no betydeleg betra, og Modalen kommune løyser opp på dei lokale tiltaka. Me vil følgje nasjonale råd, med følgjande lokale tilpasningar.
Det er då særs viktig at alle set seg inn i dei sentrale føringane som gjeld for smittevern i ulike situasjonar /aktivitetar.
Råd og føringar finn ein på www.fhi.no og i covid-19 forskrifta
Lokale råd som gjeld frå 7. desember 2020:
Sjukeheim / tilbod for eldre
- Me har ei kontrollert besøksordning ved Modalstunet. Bebuarane kan ta imot besøk 3 gonger i veka, med varigheit 1 time
- Desse avgrensingane gjeld ikkje pasientar som er i livets siste fase
- Alle besøk må avtalast på førehand, ta kontakt med Modalstunet på tlf 56599090
- Bebuarar kan ta imot gåver og blomar
- Dagsenter-tilbod og trim blir planlagt starta oppatt etter nyttår
Andre lokale verknader av endringar:
- Bryggjeslottet, inkludert hall, treningsrom, bibliotek og symjehall opnar opp att. Nasjonale råd for aktiviteter gjeld.
- Samfunnshuset på Øvre Helland kan leigast ut
- Samlingar i kyrkja kan føregå etter nasjonale råd, og evt føringar kyrkja sjølv set
- Allsong, korøvingar og korframsyning er sterkt smittespreiande, og ein må halde minst 2 meter avstand
- Mobryggja og evt andre serveringsstader kan ha opniningstider og skjenketider etter nasjonale tilrådingar
- Det blir framleis oppmoda om heil eller delvis bruk av heimekontor der dette er hensiktsmessig. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar
- Kommunale kontor, unntatt ved helsesenteret, held stengt for besøkande ut året. Ta kontakt via epost og telefon
Oppdatering 24.11.20
Bergen og omegnskommunane gjorde i går ei endring i lokale koronatiltak, som gjeld besøk i private heimar. Modalen kommune vil difor endre si tilråding på dette punktet frå og med 24. nov og førebels fram til 7. des:
• For samlingar i private heimar blir det ikkje tilrådd å ha meir enn 5 personer på besøk, i tillegg til dei som bur fast i heimen.
Dei andre tilrådingane og lokale tiltaka som kom 20. nov gjeld framleis fram til 7. des
Oppdatering 20.11.20
Kriseleiinga i Modalen har i dag vurdert og justert dei lokale koronatilrådingane. Tiltaka vert hjå oss ikkje forskriftsfesta som påbod og forbod, men som sterke råd og anbefalingar.
Modalen kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å setje seg godt inn i tiltaka frå nabokommunane våre dersom ein reiser til desse kommunane. Kommunen vil følgje med på evt endringar som skjer i Bergen og nabokommunane våre i neste veke, og dei lokale tiltaka våre kan verte endra som følgje av det før 7. des.
Oversikt over tiltaka i Modalen, som gjeld foreløpig frå måndag 23. nov og fram til og med måndag 7. des :
Anbefaling om maksimalt fem personar samla i eigen heim og på private samankomstar
Anbefaling om maksimalt 20 personar på offentlege arrangement, med unntak av gravferder
- Oppfordring om heimekontor, for alle som kan ha det.
For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar. - Bryggeslottet:
- Ope for all undervisning for barn og unge
- Framleis stengt for brikkebrukarar
- Ope for organisert trening og aktivitet for barn og unge t.o.m. 19 år.
- Oppmoding om å nytte kohortar.
- Kan opne opp ungdomsklubben
- Biblioteket opnar
- Symjebasseng og treningsrom vert halde stengt, unntatt undervisning og organisert trening for barn og unge.
- Kino kan gjennomførast. - Oppfordring om at serveringsstader må stenge klokka 22.
- Oppfordring om stopp i breiddeidretten for vaksne, inkludert kor- og korpsøving
- Kommunale kontor, unntatt helsesenteret, vert stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
- Modalstunet vert opna for ein besøkjande/pårørande til bebuarar 1 time 2 gonger i veka. For nærare informasjon ta kontakt med Modalstunet på telefon 56 59 90 90. Desse avgrensingane gjeld ikkje pasientar som er i livets siste fase.
- Dagsentertilbod og trimtilbod for eldre vert avlyst foreløpig fram til og med 7. des.
- Skule og barnehage vert fortsatt halde opne på gult nivå.
Oppdatering 06.11.20
I dag har Bergen og kommunane Alver, Vaksdal, Øygarden, Bjørnafjorden, Askøy, Samnanger og Osterøy innført omfattande koronatiltak, i tillegg til dei nasjonale tilrådingane, for å dempe vidare spreiing av Covid 19. Tiltaka gjeld frå midnatt natt til laurdag 7. november og i første omgang fram til måndag 23. nov.
Kriseleiinga i Modalen har i dag vurdert at tilrådingar om å følgje alle desse tiltaka og skal gjelde i Modalen, då vi er ein del av den same bu- og arbeidsmarknadsregionen. Tiltaka vert hjå oss ikkje forskriftsfesta som påbod og forbod, men som sterke råd og anbefalingar.
Modalen kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å setje seg godt inn i tiltaka frå nabokommunane våre dersom ein reiser til desse kommunane.
Oversikt over tiltaka i Modalen, som gjeld foreløpig frå og med midnatt natt til laurdag 7. nov og fram til og med måndag 23. november:
- Anbefaling om maksimalt fem personar samla i eigen heim og på private samankomstar
- Anbefaling om maksimalt 20 personar på offentlege arrangement, med unntak av gravferder
- Oppfordring om heimekontor, for alle som kan ha det. For kommunalt tilsette skal dette avklarast med næraste leiar.
- Bryggjeslottet vert stengt, unntatt undervisning for barn og unge.
- Oppfordring om at serveringsstedar må stenge klokka 22.
- Oppfordring om stopp i breiddeidretten for vaksne, inkludert kor- og korpsøving
- Kommunale bygg vert ikkje leigd ut i denne perioden.
- Kommunale kontor, unntatt helsesenteret og legekontoret, vert stengt for besøkande inntil vidare. Ta kontakt via epost og telefon.
- Oppfordring om unngå besøk på Modalstunet fram til og med 23. nov.
- Dagsentertilbod og trimtilbod for eldre vert avlyst foreløpig fram til og med 23.nov.
- Skule og barnehage vert fortsatt halde opne på gult nivå.
Besøk for bebuarar ved Modalstunet
Redigert 16.oktober 2020
Modalen kommune har opning for kontakt mellom bebuar i sjukeheim og pårørande/besøkjande med nokre restriksjonar som jamnleg blir justert ut frå smitte-situasjon.
Følgjande gjeld for besøk no:
Det er no også tillate med besøk til bebuarar av barnebarn og andre barn/ungdommar.
Bebuarar kan få ta imot besøk av pårørande/besøkjande på besøksrom «Vetlestova», på romma og ved besøk utandørs i hagen.
Pårørande kan ta med bebuarar på spasertur/rullestol-tur i området etter avtale med personalet
Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande/besøkjande ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 1 time 3 gonger i veka.
Pårørande/besøkjande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
• Pårørande/besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Pårørande/besøkjande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å halde handa er greitt.
• Bebuar kan ta imot blomar og gåver, og det kan takast med mat som blir ete under besøk. Det er ynskjeleg at der ikkje er restar att hjå bebuar etter besøk. Innpakka snop/ tørre varer går greitt
Oppdatering 19.08.2020
Testing og informasjon om korona i Modalen.
Pr august 2020 har helsestyresmaktene tilrådd at alle som har nyoppståtte luftvegssymptom får tilbod om test for korona-virus. I tillegg ynskjer ein å få teste personar som har vore på reise utanlands. Har du ofte litt renning frå nase, eller vanlegvis irritasjon i hals etter td aktiviteter, reknast dette ikkje som nyoppståtte symptom, og i slike tilfelle trengs ikkje testing.
Barn under 10 år med kun lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptom heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å haldast heime eller testast.
I Modalen organiserer me no testing for korona frå kl 08.30 alle måndagar, tysdagar og torsdagar.
Prøvetaking føregår utafor legekontoret, frå bilvindauge eller på asfalten. Dei som skal testast stiller i kø, og prøvar blir tatt fortløpande. Sjuke må unngå kontakt med kvarandre.
Me ynskjer at dei som vil ha test ringjer på førehand ( 56599040) , eller sender oss melding via innlogging på helsenorge.no, med informasjon om symptom eller reiseaktivitet. Telefon for råd om korona eller prøvetaking har no same opningstider som telefon til legekontoret, kl 08.00-15.00 måndag, tysdag, torsdag.
Prøvesvar vil bli tilsendt alle frå oss, men du kan raskast finne svar sjølv ved å logge inn på helsenorge.no – her vil du finne svar når dei er klare, både for deg sjølv og mindreårige barn.
Personar med luftvegssymptom som blir testa for korona, må halde seg heime til prøvesvar føreligg og til symptom er borte. Barn under 10 år med god allmenntilstand og kun restsymptom med rennande nase, kan tilbake i skule/barnehage om prøven er negativ.
Organiseringa av prøvetaking kan bli endra om smittesituasjon i vårt område blir endra, eller om me ser at kapasiteten er for liten.
Modalen 19.08.20 – kommuneoverlege Frøydis Gullbrå
Oppdatering 11.08.2020
Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet
Redigert 6.august.
Ut frå aukande smitte på landsbasis og tidlegare anbefalingar frå helsedirektoratet om besøk og utgang ved sjukeheimar, vil Modalen kommune avgrense kontakt mellom bebuar og pårørande i sjukeheim frå dags dato. Det vert difor ikkje lenger tillete besøk til våre bebuarar av andre enn pårørande. Der er nokre reglar som må følgjast.
Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande på besøksrom «Vetlestova», i tillegg til besøk utandørs i hagen. Det er frå 3.juni opna for besøk på romma ved å nytte altandør inn til rommet til bebuar. Det er også råd for bebuarar å bli med pårørande på tur.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
- Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
- Pårørande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.
- For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
- Pårørande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
- Pårørande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å gje kvarandre ein klem å halde handa er greitt.
- Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 1 time x 2 dagleg.
- Bebuar kan ta imot blomar. Det vert ikkje tillate å ta med mat til bebuar.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast ved utreise frå institusjonen:
- Pårørande som er i karantene, eller har symptom med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje ta nokon bebuar med ut på tur, inkludert biltur.
- Bebuar med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje reise ut frå institusjonen
- Pårørande skal avtale tidspunkt for utreise med avdelinga på førehand, og avklare kva det inneber og tidsperspektiv ( spasertur, biltur, etc)
- Bebuar og pårørande blir ved tur oppmoda om å følgje gjeldande smittevernråd, som til dømes å halde avstand på 1 meter til andre personar, og å vere nøye med handhygiene før og etter mat.
- Bebuar skal alltid utføre nøye handvask ved tilbakekomst til institusjon.
Oppdatering 01.06.2020
Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet
Frå 27.mai kom nye anbefalingar frå helsedirektoratet om besøk og utgang ved sjukeheimar. I Modalen har me hatt lite smittepress, og opnar no for meir kontakt mellom bebuar og pårørande / besøkjande. Der er likevel nokre reglar som må følgjast.
Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande på besøksrom «Vetlestova», i tillegg til besøk utandørs i hagen. Det er også råd for bebuarar å bli med pårørande på tur.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
• Pårørande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
• Besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Besøkjande må halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å halde handa til bebuar er greitt, men klem bør unngåast ( ansikt til ansikt).
• Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 besøkjande ved kvart besøk.
• Bebuar kan ta imot gåver og blomar. Besøkjande kan også ha med mat. Dersom det blir ete mat under besøk, må alle vaske hender før og etter måltid. Kjøkken ved institusjon kan ikkje nyttast.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast ved utreise frå institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har symptom med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje ta nokon bebuar med ut på tur, inkludert biltur.
• Bebuar med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje reise ut frå institusjonen
• Pårørande skal avtale tidspunkt for utreise med avdelinga på førehand, og avklare kva det inneber og tidsperspektiv ( spasertur, biltur, etc)
• Bebuar og pårørande blir ved tur oppmoda om å følgje gjeldande smittevernråd, som til dømes å halde avstand på 1 meter til andre personar, og å vere nøye med handhygiene før og etter mat.
• Bebuar skal alltid utføre nøye handvask ved tilbakekomst til institusjon.
Oppdatering 01.06.2020
Oppdatering av smitteverntiltak ved Mo skule.
Det har no kome ei oppdatering av smitteverntiltak for skular som skal gjelda frå 02.06.20. Skular skal no organisera tiltak etter ein trafikklysmodell. Frå andre juni gjeld tiltak på gult nivå. Mo skule held fram med å fylgja dei råd og tiltak som til ei kvar tid gjeld. Tiltaka på gult nivå er om lag dei same som dei ein har arbeidd etter fram til no for Mo skule sin del.
Link til oppdatering