Korona-vaksinasjon i Modalen

Koronavaksine Oppfriskningsdose

 

Oppfriskningsdoser

Ny oppfriskingsdose for kommande haust/vintersesong

 

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår oppfriskingsdose med koronavaksine før kommande haust/vintersesong til:

personar i aldersgruppa 65 år og eldre

personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp

ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Gravide i 2. og 3. trimestar

 

Dette vil for dei fleste vera dose 4, men for enkelte med alvorleg svekt immunforsvar vil det vera dose 5. Anbefalt intervall sidan førre vaksinedose bør vera minimum 4 månader.

 

Tilrådinga om å ta ny oppfriskingsdose gjeld også dersom du nyleg har gått gjennom ein koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil likevel gi deg godt vern den første tida etter at du har vore sjuk og du kan derfor venta i 3-4 månader før du blir vaksinert med ny dose.

 

Det er mogleg å ta vanleg influensavaksine samtidig med ein oppfriskingsdose med koronavaksine. Sjekk med kommunen eller fastlegen din der du bur.

 

Publisert 03.11.2022


Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 18.12.2020