Helse

 

Kontaktinformasjon

Kommuneoverlege/fastlege Frøydis Gullbrå
Telefon: 56 59 90 40
E-post: froydisgullbra@modalen.kommune.no

Legekontor Telefon: 56 59 90 40

Opningstider: Måndag, tirsdag og torsdag: kl. 08.30-15.00.

Telefontid: Kl.08.30-15.00  (Me ynskjer ikkje telefonar i tida 12-13)

 

 Smittevernplan 2020 2024

 Influensavaksine 2020 

Vaksinering mot sesonginfluensa

Influensavaksine er no komen til kommunen.
Vaksinane er reservert for helsepersonell og personar i risikogrupper i første omgong. Andre kan tidlegast få tilgang til vaksiner etter 1. desember.
I år ynskjer me at alle som kan, får vaksine i samband med legetime for dei som har det i oktober/november . Dette for å unngå å samla meir folk enn naudsynt.


Vaksinering for pasientar i risikogrupper er planlagd i Bryggjeslottet torsdag 29 oktober for personar
Kl 11-12 for personar over 75 år.
Kl 13.30-17 for personar under 75 år.

Risikogrupper:
» Alle som har fylt 65 år
» Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
» Gravide frå 12. uke i svangerskapet
» Barn og vaksne med:
• diabetes mellitus, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom /skade
• nedsatt immunforsvar
• svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annen alvorleg eller kronisk sjukdom

Ekstra viktig i år:
-Kom frisk. Har du luftvegssymptom eller feber må timen utsetjast.
-Hugs reine hender. Me har handdesinfeksjon ved inngangsdør, og i ventelokalet.
-Hald avstand. Ha minst ein meter til andre. Ikkje flytt på stolar som er oppsett

Om betaling i år:
• Sentrale helsestyresmakter ynskjer at mange skal ta influensa-vaksine i år, og har difor subsidiert vaksinering hjå fastlegane og i kommunen.
• Personar i risikogruppene betaler kun eigendel på 50,- for å setje influensa-vaksine. Dei som har frikort skal ikkje betale noko.
• Personar i målgruppene som velgjer å ta vaksinen på apotek, betaler fullpris.
• Andre som ynskjer vaksine ved legekontoret betalar 200,- for vaksinering. Dette kan først skje etter 1. desember.

Program for helsesenteret  

 

 Program for helsesenteret november 2020

 

Endringar ved helsesenteret  2020 

Det blir nokre endringar i personalsituasjon ved helsesenteret framover, og dette påverkar også opningstider ved legekontoret:
Legekontoret:Helsesekretær Eirin Steinestø tek over stillinga etter Trude. Ho har allereie starta litt, og vil frå februar vere her 2 dagar i veka ( måndag og onsdag). Eirin er 34 år, bur på Romarheim og har lang erfaring frå legekontorarbeid i Lindås. Ho er utdanna helsesekretær.
Svein Gunnar Sivertsen vil vikariere for Frøydis Gullbrå ved kortare fråvær våren 2020.
For å få kabalen med tilsette til å gå opp, vil legekontoret frå februar fram til påske vere ope for pasienttimar måndag og onsdag. Tysdag vil her vere helsesekretær som no, medan torsdag vil her ikkje vere helsesekretær. Etter påske er planen å gå tilbake til pasientdagar måndag og torsdag.

Fysioterapi: Vikar Martha Thorsheim går over i ny jobb, og sluttar hjå oss frå 1. mars. Terje Askeland er tilbake i full jobb frå juli 2020. Me prøver no få inn anna vikar for Martha i dei månadane til Terje er tilbake.

Psykolog: Me har håp om å få på plass psykolog-teneste i kommunen i løpet av februar/mars. Meir informasjon vil kome her når me veit meir sikkert korleis tenesta blir.

Legekontor:

Ved behov for legehjelp når det ikkje er lege i Modalen ta kontakt med Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Ved behov for akutt-hjelp ring 113.

Telefontid:

Kl.08.30-15.00
(Me ynskjer ikkje telefonar i tida 12-13)

Slik bestiller du time

Det er mange som ynskjer å nå oss via telefon. Om du vil spare tid, kan du nytte deg av vår SMS-køfrisystem.


Du skriv då MODALEN, fødselsdatoen din og navnet ditt, og sender meldinga til 2097. Ei melding kan sjå slik ut:


MODALEN 05.05.90 Ola Hansen ynskjer time, gjerne neste veke.
Tenesta kostar kr 6,00 pr melding. Du kan sende melding heile døgnet.


Avbestille time, eller endre timeavtalegu
Ring oss eller send MODALEN navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen skal finne stad, ellers må du betale for timen.

 Legevakt for Modalen

Ved behov for legehjelp når det ikkje er lege i Modalen, kontakt
Nordhordland legevakt: Tlf. 116 117  / Ved behov for akutt-hjelp ring 113

 

Helsestasjon

Hjelpa du kan få her inkluderer helsekontrollar og oppfølging av barn 0-6 år, helsestasjon for ungdom, skulehelseteneste og vaksinasjonar etter barnevaksinasjonsprogrammmet. Helsesyster tilbyr også heimebesøk kort tid etter fødsel.

Helsesyster er i Modalen 1 dag kvar veke.

Kommunen har avtale med Masfjorden kommune,  helsesøster Marta Midtbø vil arbeide hjå oss 1 dag i veka. Ho vil stort sett vere her torsdagar.

Telefon: 99 52 68 51

E-post: martha.midtbo@masfjorden.kommune.no

 

Fysioterapi

Fysioterapeut Terje Askeland

Telefon: 56 59 90 92  mobil 957 33 427

E-post: terje.askeland@modalen.kommune.no

Fysioterapeuten er og kontaktperson for tekniske hjelpemidlar.

Kommunepsykolog

John Petter Wadseth er tilsett i 20% stilling som kommunepsykolog.
Han er å treffa ein dag annakvar veke, i tillegg tilbyr han samtalar over nettet med video. Ein kan ta direkte kontakt for å lage avtalar. 

Telefon: 94511854

Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste gir tilbod til personar som treng hjelp for psykiske vanskar eller rusproblem. Det er eit lågterskeltilbod, og pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt. Hjelp blir gitt gjennom samtaler, individuell oppfølging eller gruppeaktiviteter – etter kva som er ynskjeleg og tenleg.

Kontaktinformasjon

Jorunn Brekkhus

Telefon: 56 59 90 48
Mobil:  99 09 00 02

E-post:

jorunn.harvik.brekkhus@modalen.kommune.no

Bente Håvåg

Telefon: 56 59 90 48
Mobil: 976 77 674

E-post:

bente.havag@modalen.kommune.no

Jordmor

Modalen kommune har avtale med Lindås kommune om jordmorteneste for svangerskapskontrollar. Jordmor kan nåast via Knarvik helsestasjon på telefon 56375074.

Støtteteam ved kriser

Modalen kommune har oppretta støtteteam ved kriser.

Dette er eit kommunalt team som har ansvar for psykososial oppfølging av menneske/lokalsamfunn som vert råka av kriser og katastrofar. Kriser og katastrofar vert definert som dramatiske og traumatiserande hendingar som påverkar enkeltmenneske og som normalt går utover det ein vanlegvis taklar aleine eller ved hjelp av sosiale nettverk .

Omgrepet kriser vert brukt om dramatiske og traumatiserande enkelthendingar som i hovudsak skjer med få menneske direkte involvert av gangen. Dette kan være plutselege barnedødsfall, sjølvmord, ulike typar ulukker med eller utan dødsfall, voldtekter eller ran.

Støtteteam ved kriser, er ei ressursgruppe som utover å bistå innbyggjarane, også vil kunne fungere som ein ressurs for innsatspersonell ved f.eks. politisentral, legevakt og sjukehus. Støtteteam ved kriser inngår som ein del av kommunen sin generelle beredskapsplan. Teamet skal medverke til ei omsorgsfull og naturleg bedarbeiding etter traumatiske hendingar og har som mål å førebyggja psykiske seinverknader etter kriser.


Støtteteamet er samansett av:
         
- Koordinator: Psykiatrisk sjukepleiar, Jorunn H. Brekkhus
- Kommunelege: Frøydis Gullbrå
- Pleie- og omsorgsleiar: Margrete L. Kvamme.
- Psykiatrisk sjukepleiar:  Bente K. Håvåg.
- Rektor: Jahn Olav Nordheim.
- Pedagogisk leiar: Gro Henny Mo.
- Prest: Torbjørn Aamli. 
- Helsesøster: Marta Midtbø

 

Krisesenter

Modalen kommune har samarbeidsavtale med krisesenteret for Bergen og omegn.

Ta kontakt på vår døgnåpne telefon: 55 31 50 50

Krisesenteret for Bergen og omegn 

Krisetlf. ved seksuelle overgrep

Hjelp til kreftramma 

Modalen kommunen har to utdanna kreftsjukpleiarar, Torill Farestveit og Randi Møster Aas, som kan gi støtte til kreftramma i kommunen.
Dette kan vere rådgjeving, samtaler og kartlegging av hjelpebehov. Dei har også kunnskap om rettigheiter og kan hjelpe med å få kontakt med dei rette instansane om det trengs.

Personar som er ramma av kreft, eller deira pårørande kan ta direkte kontakt med kreftsjukepleiar ved å ringe Modalstunet, på telefon 56599090. 

 

Nyttige lenker helse

Kjernejournal

Tannhelse

Pasient- og brukar ombod

Nordhordland legevakt

Veileder råd for personer med funksjonsnedsettelse 

  


Sist oppdatert: 10.11.2020
Publisert: 03.05.2018