Sosiale tenester
Startlån og bustønad
Modalen kommune får midlar frå Husbanken til vidare formidling i form av Startlån og tilskot til etablering og tilpassing av bustad. Kommunen administrerer også Husbanken si ordning med bustønad.
Barnevern
Vaksdal kommune utfører barnevernstenestene for Modalen kommune.
https://www.vaksdal.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg-bustad/barnevern/
Kontaktinformasjon:
Post- og besøksadresse:
Vaksdal barnevernsteneste, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
BARNEVERNETS VAKTTELEFON I VAKSDAL/MODALEN ER ALLTID OPEN
Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan føre til at born som opplever skadelege heimesituasjonar er endå meir sårbare enn vanleg. Det er difor viktig at barn og vaksne kontaktar barnevernstenesta når ein vert bekymra for om eit barn er i behov for akutt hjelp, og i den situasjonen som er no.
Telefon: 966 26 431
E-post: barnevernet@vaksdal.kommune.no
Du som barn eller ungdom kan og ringje til oss når som helst, eller til alarmtelefonen for barn og unge (telefon 1116 111)
E-post: barnevern@vaksdal.kommune.no
Leiar: Jannicke Sandvik
Sentralbord: 56 59 44 00
Mobil: 95 98 75 74
Rådgjevar: Randi Vangsnes
Sakshandsamar: Sindre Tveten
Sakshandsamar: Helene R. Ringheim
Miljøterapeut: Ole Anders Brekkhus
Merkantil: Margrethe Kydland
Viktige tlf nummer
I kontortida kl 0800-1530
Telefon: 56 59 44 00
Desse kan formidle kontakt med det lokale barnevernet i akuttsituasjonar utanom kontortid:
Politi: 02800 (politiet kan fatte eigne vedtak i akuttsituasjonar)
Legevakt: 56 35 10 03
Alarmtelefon for born og unge: tlf 111 61 11
Generell informasjon:
Barn mellom 0 og 18 år kan få hjelp eller omsorgstenester frå barnevernet.
Generell informasjon
Barnevernstenesta arbeider etter Lov om barnevernstenester. Barnevernstenesta skal vera med og sikra omsorg og tryggleik for barn frå 0-18 år som har særlege behov. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, bur heime hjå foreldra sine. Hovudmålsetjinga er å gje god nok hjelp tidleg, slik at barnet kan halda fram å bu hjå familie og i nærleiken av nettverket sitt. Barnevernstenesta vert kontakta både av foreldra sjølv, andre privatpersonar, og offentlege instansar.
Alle offentlege etatar, som til dømes skule, barnehage, lege og helsesøster har meldeplikt til barnevernstenesta dersom dei har grunn til å tru at eit barn lir under omsorgssvikt.
Er du bekymra for eigne eller andre sine barn?
Då kan du venda deg til barnevernet, skriftleg eller munnleg. Dersom du er i tvil om dette er ei sak for barnevernet, kan du ringa og få rettleiing om dette, også anonymt.
Kva hjelp kan barnevernstenesta gje?
Døme på tiltak er råd/rettleiing, tilsynsførar, avlastning/besøksheim, plass i barnehage/skulefritidsordning, støttekontakt, økonomisk støtte til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar o.l. Barnevernstenesta kan òg hjelpa til om familien vurderer at det er naudsynt at barn i fosterheimar/institusjonar for ei tid.
I nokre saker er frivillige hjelpetiltak ikkje er nok til å gje barna god nok omsorg. Slike avgjerder vert tatt av Fylkesnemnda for sosiale saker, ikkje barnevernet sjølv. Dersom kommunen overtar omsorga, vil barnet/ungdommen få plass i ein fosterheim eller ein barnevernsinstitusjon.
Teieplikt:
Alle innan barnevernstenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.
Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.
Når bør du melde?
Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.
Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.
Kan du vere anonym?
Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.
Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg om vi har spørsmål eller treng meir informasjon.
Korleis melder du?
Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.
Meldinga bør innehalde:
- kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
- informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
- om det er andre som kan ha opplysningar til saka
- kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vere anonym
Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.
Oppfølging av meldinga
Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er mottatt.
Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.
Modalen kommune sine sosiale tenester vert i utført av NAV-kontoret.
Flyktning
Status flyktningområdet
Modalen kommune har tatt i mot tre familiar frå Syria. Ein familie flytta frå kommunen i mars i år.
Tilsaman er det no 10 personar med vaksne og born, både skuleborn og born i barnehagealder.
Dei vaksne deltar fortsatt i introduksjonsprogrammet, og målet er å få seg vidareutdanning/ jobb etter endt introduksjon.
Kommunen har ikkje fått førespurnad frå UDi om å ta i mot fleire flyktningar.
Dersom du er interessert kan du lese meir om innvandring på desse nettsidene:
SSB personar med flyktningbakgrunn
Kontaktinformasjon:
Flyktningkonsulent Sissel Hindenes
Mobilnr: 409 100 76
E-post: sissel.hindenes@modalen.kommune.no
NAV Fensfjorden
Modalen kommune har etablert felles NAV-teneste saman med Gulen, Fedje, Austrheim og Masfjorden kommunar frå 1. januar 2019.
Du kan kontakte NAV på tlf. 55 55 33 33 dersom du har behov for å avtale møte ein annan dag.
Du kan gå inn på www.nav.no, logge på med din ID og sende førespurnadar/meldingar til NAV.
Dersom du har behov for naudhjelp eller anna, kan du ringe NAV på
tlf. 55 55 33 33. Då vil sakshandsamar få melding om å kontakte deg for oppfølging av førespurnaden din.
Alternativt kan du gå inn på www.modalen.kommune.no . Då vil du finne søknadsskjema for sosialhjelp m.m. under aktuelle lenker. Dette kan du skrive ut og sende til:
NAV Fensfjorden
Fensfjordvegen 615 H0301
5986 HOSTELAND
Det er opna for publikum på Hosteland. NAV er oppdatert med opningstid for NAV Fensfjorden. Det oppfordrast til mest mogleg bruk av digitale møte, men brukarane kan kontakte oss for timeavtale i kommunen dei bur i.
Besøksadressa er:
NAV Fensfjorden
Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 3. etasje
5986 HOSTELAND
Informasjon sosialhjelp NAV Fensfjorden
Informasjon søknadsskjema sosialhjelp NAV Fensfjorden
Telefonnummeret er 413 97 364 og er open frå kl 08.30-14.30.
NAV har oppretta ei eiga nettside for nyttig informasjon i samband med koronaviruset(www.nav.no)
Her er informasjon på nav.no i samband med koronaviruset.