Flaggreglement

1. Lov og reglement
Flaggreglement for Modalen kommune byggjer på Lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger og Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget.

 

2. Verkeområde
Reglementet gjeld for flagging på stenger som høyrer til kommunale bygg, ved Mo skule, Modalstunet og anna som vert driva av Modalen kommune. Gjeld og frittståande flaggstong som er knytt til Flodmaal/kommunehuset på Mo.

 

3. Det skal flaggast på Modalstunet ved:

  • Offisielle flaggdagar
  • Kommunestyre- og fylkestingsval
  • Gravferd for bebuar
  • Runde dagar
  • Den internasjonale kvinnedagen

 

4. Det skal flaggast på Mo skule ved:

  • Offisielle flaggdagar
  • Kommunestyre- og fylkestingsval
  • Mo skule fyrste skuledag
  • Avslutningsmarkering for 10. klassetrinn
  • Eksamensdagar
  • Den internasjonale kvinnedagen
  • Pridedagen

 

5. Det skal flaggast på flaggstong tilknytt Flodmaal/kommunehuset på Mo ved:

  • Offisielle flaggdagar
  • Kommunestyre- og fylkestingsval
  • Den internasjonale kvinnedagen
  • Ved gravferd til tilsette eller tidlegare tilsette i Modalen kommune
  • Pridedagen. Her skal det gjerast unnatak om det er gravferd i Mo kyrkje same dagen.

 

6. Det skal flaggast på flaggstong ved samfunnshuset på Øvre Helland ved:

  • Offisielle flaggdagar
  • Kommunestyre- og fylkestingsval
  • Den internasjonale kvinnedagen
  • Pridedagen

 

7. Modalen kommune flaggar med Sameflagget på samefolkets dag.

8. Modalen kommune flaggar med regnbogeflagget på Pridedagen. Tidspunkt for flagging skal vera andre måndag i juni kvart år. Om det er gravferd i Mo kyrkje denne dagen skal Prideflagget heisast ein anna dag, så nære før eller etter som råd er, i juni månad kvart år.

9. Det kan flaggast når skulefagleg ansvarleg ved Mo skule eller Modalstunet finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.

10. Det kan flaggast flaggstong tilknytt Flodmaal når det er større arrangement i Modalen kommune, og elles når rådmann/ordførar, eller den som har mynde finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.

11. Modalen kommune flaggar etter oppmoding frå statlege styresmakter ved fest eller sorg i landet, i samband med besøk frå Kongehuset, regjeringsmedlemmer og ved større arrangement i kommunen.

12. I månadane mars – oktober skal flagg heisast etter klokka 0800, i månadane november – februar etter klokka 0900. Flagg skal firast ved solnedgang, men ikkje seinare enn klokka 2100.

 

Reglementet er politisk vedteke og kommunestyret kan be om revidering. Fyrste gong vedteke av Modalen kommunestyre i sak 36/2022, dato 29.09.2022.


Sist oppdatert: 13.10.2022
Publisert: 13.10.2022