HjemLandbruk og næringSøkje tilskot

Søkje tilskot

Søkje produksjonstilskot

Du kan søkje om produksjonstilskot dersom du driv med jordbruk.

Du kan får støtte til drift av:

  • jordbruksareal
  • grønt- og potetproduksjon
  • husdyrhald

Tilskotet blir gitt etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema.

Send søknaden på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med brev til:

Modalen kommune
Postboks 44

5732 Modalen

Du kan òg søkje elektronisk via altinn.no.

Nye søkjarar blir oppmoda om å kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Dette er for å sikre seg at landbrukseigedommen er registrert i Landbruksregisteret.

Søknadsfrist:

Søknadar må sendast via Altinn:

  • 15. mars
  • 15. oktober

Kven kan få tilskott?

Landbruksføretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon og vere registrert i Einingsregisteret. Føretaket må vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytte til driftsfellesskap og eigarforhold.

Klage på vedtak

Du kan klage på det endelege vedtaket innan tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, sender vi saka vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

 

Søkje avløysarordning i jordbruket

Avløysarordninga er ein del av velferdsgodene i landbruket. Du kan søkje om tilskot til avløysing ved mellom anna:

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskotet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgivaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Slik søkjer du

Du fyller ut søknadsskjemaet frå Landbruksdirektoratet.

Trykk her for å laste ned skjema for produksjonstilskott i jordbruket og tilskott til avløysing ved ferie og fritid.

Tilskot til avløsning ved sjukdom og fødsel.

Søknadsfrist:

  • 15. mars
  • 15. oktober

 

Kven kan søkje?

Landbruksføretak

Vilkår

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket.

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Kva skjer vidare?

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å gjere eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngiving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom du kan bli misnøgd med vedtaket.

Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å kontakte kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. Sjå i søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinjene for utbetaling av tilskotet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når vi ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klage på vedtak

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.

Søkje spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.

Slik søkjer du

Søknadsfrist er 10. mars 2024

Klikk her for å gå til søknadskjema og rettleiing

 

Rettleiing 2024

Det blir arrangert to SMIL møter med rettleiing til korleis ein fyllar ut søknadsskjema, aktuelle tiltak innanfor ordninga og korleis ein brukar dei digitale kartløysningane best mogleg.

Måndag 26. februar: Digitalt møte kl. 20.00

Klikk her for å gå til møtelenke

Møte-ID: 351 768 834 475
Passord: zHSUxy

Onsdag 28. februar: Fysisk møte kl. 20.00

Stad: Kantina 2. etasje, kommunehuset på Frekhaug

 

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Kva tiltak kan ein søke om tilskot til? 

Vi kan gi tilskot til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskot til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

Her finn du Modalen sine retningslinjer for SMIL tilskot 2024-2028 

 

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen. 

Kva seier lova?

Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket - Lovdata

Søkje tilskot til drenering

Formålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 òg bli gitt tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

God drenering eller grøfting er viktig for å få gode avlingar. Store delar av den dyrka jorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gir dårlege veksttilhøve for plantene og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegare kvalitet. Dårleg drenert jord gir òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

Vi gir ikkje tilskot om tiltaket fører til

  • monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • stor fare for flaum og vassureining
  • fare for skade på automatisk freda kulturminne

Vi gir heller ikkje tilskot om du allereie har starta på tiltaket før du har søkt og fått innvilga tilskotet.

Slik søkjer du

Når du søkjer om tilskot, må du nytte skjemaet frå Landbruksdirektoratet som du finn her:

Trykk her for å laste ned søknad om tilskot til drenering

Du får utbetalet tilskottet etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Du må gjennomføre tiltaket innan tre år frå då søknaden blei innvilga.

Kven kan søkje?

Målgruppa er eigar av eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering.

Klage på vedtak

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

BKK viltfond til fremjing av viltet

Føremål: viltstellstiltak (forvalting og jaktutøving).
Gjeld for: Modalen, Vaksdal, Voss og Vik kommunar
Bruk: Planlegging, kompetanseutvikling og tiltak. Også fellestiltak mellom kommunar.
Kven kan søkje: Grunneigarar og interesseorganisasjonar
Søknadsfrist: 1. mars
Søknad til: Vik kommune, postmottak@vik.kommune.no

Litt om ordninga

Fondsmidlane kjem frå BKK si utbygging av Eksingedalsvassdraget, og skal nyttast til viltstellstiltak. Fondet gjeld for kommunane Vik, Voss, Vaksdal og Modalen, som er representert i fondsstyret. Midlane kan nyttast til både planlegging, kompetanseutvikling og konkrete tiltak innanfor forvalting og jaktutøving. Søknadane kan gjerne vere fellestiltak som involverer fleire kommunar. Ved tidlegare høve er det mellom anna gjeve tilskot til villreinforvalting, tiltak på skytebane og kartlegging av hønsehauk. Grunneigarar, interesseorganisasjonar og andre kan søkja. Vik kommune har i dag administrasjonsfunksjonen for fondet. 

Vedteken handlingsplan for midlane

  1. All bruk av tilskotsmidlar skal vera innanfor fondsføremålet.
  2. Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast
    (både offentlege og privatrettslege planar).
  3. Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
  4. Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
  5. Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings-  og informasjonstiltak.
  6. Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
  7. Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.
  8. Løyvingar må sjåast i høve til innkomne søknadar og disponible midlar.
  9. Søknadane må innehalda eit enkelt budsjett og finansieringsplan.
Søkje erstatning for husdyr som er drepne eller skadde av rovvilt

Du kan få erstatning når husdyr er drepne eller skadde av rovvilt. Det er naturmangfaldslova som regulerer dette.

Statens naturoppsyn skal undersøkje daude eller skadde dyr. I dei tilfella der dyr er forsvunne på beite og ein ikkje kan finne kadaveret for å slå fast dødsårsaka, kan Fylkesmannen likevel erstatte tapet dersom Fylkesmannen meiner at det er svært sannsynleg at rovvilt står bak tapet.

Husdyr vil mellom anna seie sau, geit, storfe.
Rovvilt vil seie gaupe, jerv, ulv, bjørn og kongeørn.

Slik søkjer du

Fyll ut det elektronisk søknadsskjemaet om rovvilterstatning.

Trykk her for å laste ned elektronisk søknad om rovvilterstatning

Kven kan søkje?

Husdyreigarar.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 14.02.2024
Publisert: 18.09.2018