Viltnemda

Kontaktinformasjon

Mikkel Bengtsson

Skog- og miljøkonsulent

mikkel.bengtsson@alver.kommune.no

966 25 084

 

Viltnemd

Kvar kommune har si viltnemnd. Desse vert utpeika av kommunestyret og sit i utgangspunktet for 4 år.

Ansvarsområde for viltnemnda i kommunen
  • Høyringsinstans for sakar til behandling etter plan- og bygningslov, aktivitetar i marka samt viltlov
  • Administrere ettersøkslag / fallviltarbeid - ved påkjørt og skada vilt
  • Felling av skadedyr
  • Fellingsløyver
  • Organisering og godkjenning knytta til jakt
  • Utarbeide jaktstatistikk
  • Generelle henvendingar frå publikum vedrørande viltspørsmål
  • Deler av hundelova; spesielt båndtvang. Kan gje pålegg om ekstraordinær båndtvang.

 

Viltpåkøyrsel

Ved viltpåkøyrsel er du pliktig å varsle. Den enklaste måten å varsle er å ringje politiet på 02800. Politiet varslar vidare til ettersøksmannskapet. 

I tillegg til at du er pliktig å varsle om viltpåkøyrsel er det også viktig dersom det har oppstått skader på køyretøy. Ved viltpåkøyrsel kan forsikringsselskapa krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka.

Hugseliste ved viltpåkøyrsel

Dette må du gjere:

  • Sikre ulykkesstaden med varseltrekant og naudblink.
  • Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, slik at ettersøket kan starte så tidleg som mogleg og viltet unngår unødig plage.
  • Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.
  • Merk påkøyrselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).
  • Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkøyrsel.


Ikkje gjer dette:

  • Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer arbeidet til ettersøkshunden vanskelegare.
  • Ikkje prøv å avlive viltet sjølv. Dette skal gjerast av kommunen.
  • Ikkje ta med deg eit påkøyrd og dødt vilt utan løyve.

 

Sjukt, skadd eller daudt vilt

Dersom du kjem over sjukt, skadd eller daudt vilt i nærområde eller på tur kontakt:

Rådgjevar viltforvaltning
Mikkel Bengtsson
tlf: 56 17 11 86
Mobil: 96 62 50 84

Dersom du ikkje får tak i rådgjevar viltforvaltning, ring politiet på telefon: 02800

Lovverk

  • Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr. Kommunen er ein av fleire forvaltarar etter viltlova og gir også råd og rettleiing i saker om viltforvaltning.

 

 


Sist oppdatert: 15.05.2023
Publisert: 23.08.2018