Bryggjeslottet

 

Åpningstider sommarferien 2024 (Veke 26 - 31)

 

Bryggeslottet er eit allaktivitetshus som inneheld bowling, bibliotek, idrettshall, symjehall, badstu og styrkerom.

Bowling

Bowlinganlegget inneheld 4 baner, med plass til 6 personar pr bane. Du vil få med bowlingsko når du kjøper serie/bane. Bowlingbana er tilgjengeleg lørdag og søndag 10.30-16.30. Kontakt kundetorget om du ønskjer å lage til arrangement utanom denne tida.

Du kan spele klassisk bowling og kjøpe ein, to eller tre seriar, eller du kan leige ei bane for 30 min. og spele ulike bowling-spel.

Basseng

Bassenget heldt 31-32 grader, er 12,5 m langt og 8,5 m breitt. På kortsida ved vindu er bassenget 1 m djupt og så aukar det opp mot 1,9 m på det djupaste.

Bassenget er berre tilgjengeleg i den tida det er offentleg bading med badevakter. Kommunen arbeider med å sjå på ei ordning med tilgang til basseng utan kommunale badevaktar. Per no kan ein ikkje seie når evt. ei slik ordning vil starte opp. 

 

Opningstider - offentleg bading og bowling

Dag  Tid
Måndag (over 55) 10:00 - 12:00
Onsdag 10:00 - 12:00
Laurdag 10:30 - 16:30
Søndag 10:30 - 16:30

 

Reglar under offentleg bading
  • For å bade åleine må du vere symjedyktig og over 12 år.
  • Born som er under 12 år eller som ikkje er symjedyktig skal ha følgje med ein symjedyktig over 18 år. Born under 10 år skal ha med seg ein badande person over 18 år.
  • Meld deg i resepsjonen før du går inn, sjølv når du har årskort.
  • Bassenget tek maks 30 personar. Du kan difor måtta vente om det er fullt når du kjem. Ved kø er badetida 1 time.
  • Vask deg godt før du går i bassenget
  • Ikkje spring langs bassengkanten. Små barn kan gjerne bruke badesokker.
  • Store badeleiker eller snorklar skal ikkje takast med inn i bassenget.
  • Ta omsyn til medbadande under leik.
  • Stuping eller salto er forbudt. Spør badevakten om du kan hoppe.
  • Alle som oppheld seg i bassengområdet må rette seg etter meldingar frå badevakt.
 Prisar 2024
Prisar for bruk og leige av Bryggjeslottet 2024
Type ordning: Pris:
Sesongkort:  
Årskort, fastbuande i Modalen  kr. 1 950,-
Halvtårskort, fastbuande i Modalen  kr. 1 450,-
Årskort, eksterne  kr. 2 950,-
Halvtårskort, eksterne  kr. 1 750,-
   
Einskildbesøk:  
Basseng/styrkerom - vaksne  kr. 125,-
Basseng/styrkerom - born/pensjonistar  kr. 65,-
Basseng/styrkerom - vaksne – 10 klypp kr. 900,-
Basseng/styrkerom - born/pensjonistar – 10 klypp kr. 460,-
   
Bowling – vaksne 1 serie kr. 125,-
Bowling – vaksne 2 seriar kr. 225,-
Bowling – vaksne 3 seriar kr. 250,-
Bowling - born/pensjonistar/årskorteigar 1 serie kr. 100,-
Bowling - born/pensjonistar/årskorteigar 2 seriar kr. 140-
Bowling – born/pensjonistar/årskorteigar 3 seriar kr. 175-
Bowling – leige av bane 30 min kr. 250,-
Bowling – leige av bane 30 min born/pensjonistar/årskort kr. 190,-
   
Leige av deler av Bryggjeslott:   
Timeleige for basseng/bowling – lag/grupper kr. 2000,-
Ekstra vakt (nr 2) ved leige av basseng/bowling pr. time  kr. 550,-
Timeleige for basseng - andre kommunar (utan badevakt) kr. 480,-
Leige av hall pr. time kr. 1000,-
Leige av hall pr. døgn  kr. 1900,-
For eksterne leigetakarar er det tillegg i timepris for vakthald  kr. 750,-
Leige av foajeèn pr. time  kr. 750,-
   
Timepris for opprydding/reinhald  kr. 750,-

Frivillige lag og organisasjonar heimehøyrande i Modalen kommune får bruke kommunale bygg vederlagsfritt under føresetnad av at lokalet er rydda og reingjort. Det kan krevjast eit tilleggshonorar dersom kommunen må reingjere lokalet etter bruk.

 

Aktiviteter Bryggjeslottet vår 2024

 

Vil du kjøpe deg årskort?

Bryggjeslottet er tilgjengeleg for brukarar av årskort i tillegg til ordinære opningstider. Årskortbrukarar får ei brikke med tilgang til treningshall, basseng og styrkerom i tida frå 07.00-08.00 og 15.00-22.00. Merk at du må ta omsyn til aktivitetskalendaren.

Frå 1. juli 2024 vil det vere mogleg å nytte årskortet i basseng under føresetnad av at ny avtale, gjeldande frå 1.7.24 er signert.

Ta kontakt med kundetorget eller Bryggjeslottet dersom du ønskjer å kjøpe årskort. Du kan også fylle ut avtale digitalt og sende til postmottak@modalen.kommune.no. Då vil du få avtale i retur for elektronisk signatur.

Avtale for årskortbrukarar

Pris for årskort

Årskort kan kjøpast i kiosken på Bryggjeslottet i opningstida.

Prisen er satt til 1950,- for fastbuande i kommunen og 2.950,- for eksterne for 2024.

Faktura vert sendt ut månadleg.

 Reglar for bruk av årskort

Korteigaren skal til einkvar tid fylgje dei reglane som gjelder for bruk av kortet. Reglar under offentleg bading gjeld også for årskortbrukarar.

I tillegg gjeld dette:

  • Mindreårige må vere i følgje med ein person over 18 år i basseng.
  • Ein skal vere minimum to badegjestar når bassenget er utan badevakt.
  • Aldersgrense for bruk av styrkerom er 14 år.
  • Bruk av rusmidlar er forbode.
  • Avtalen gjeld for familie i eiga husstand. Alle namn må førast opp i avtalen.
  • Utstyr som har vore i bruk må vere reingjort og sett klar til neste person som skal bruke det.

 

Kontaktinformasjon

Kundetorget: 56 59 90 00 (09:00-15:00 man-fre)

Bryggjeslottet resepsjon: 56 59 90 52 (10:30-17:00 lør-søn)

e-post: postmottak@modalen.kommune.no

 

Modalen folkebibliotek

Modalen har eitt bibliotek som er lokalisert på Bryggjeslottet. Du kan nytte biblioteket kvar dag. Biblioteksjefen er på plass onsdag, torsdag og fredag. Biblioteket har eiga Facebookside og nettside.

Facebookside

Internettside

 

Bygdekino 

Omlag ein tysdag i månaden får vi besøk av Bygdekinoen. Dagsaktuelle filmar for både store og små vert vist i treningshallen på Bryggjeslottet. 

Bygdekino

 


Sist oppdatert: 01.07.2024
Publisert: 20.04.2018