Bryggjeslottet

Bryggeslottet er eit allaktivitetshus som inneheld bowling, bibliotek, idrettshall, symjehall, badstu og styrkerom.

Bassenget heldt 33 grader, er 12,5 m langt og 8,5 m breitt. På kortsida ved vindu er bassenget 1 m djupt og så aukar det opp mot 1,9 m på det djupaste.

 

Merk:

Bowling er stengt inntil vidare pga renovering.
Bassenget er berre tilgjengeleg i den tida det er offentleg bading med badevakter.

 

 Modalen kommune - Opningstider på Bryggjeslottet Juni og juli

 

Opningstider under offentleg bading
Basseng  
Måndag (vi over 55) 10:00 - 12:00
Onsdag 10:00 - 12:00
   
Lørdag 10:30 - 17:00
Søndag 10:30 - 17:00

 

Reglar under offentleg bading
  • For å bade åleine må du vere symjedyktig og over 12 år.
  • Born som er under 12 år eller som ikkje er symjedyktig skal ha følgje med ein symjedyktig over 18 år. Born under 10 år skal ha med seg ein badande person over 18 år.
  • Meld deg i resepsjonen før du går inn, sjølv når du har årskort.
  • Bassenget tek maks 30 personar. Du kan difor måtta vente om det er fullt når du kjem. Ved kø er badetida 1 time.
  • Vask deg godt før du går i bassenget
  • Ikkje spring langs bassengkanten. Små barn kan gjerne bruke badesokker.
  • Store badeleiker eller snorklar skal ikkje takast med inn i bassenget.
  • Ta omsyn til medbadande under leik.
  • Stuping eller salto er forbudt. Spør badevakten om du kan hoppe.
  • Alle som oppheld seg i bassengområdet må rette seg etter meldingar frå badevakt.

 

Bryggjeslottet nye priser 2023

 

Aktiviteter Bryggjeslottet vår 2023

 

Årskort

Bryggjeslottet er tilgjengeleg for brukarar av årskort utanom ordinære opningstider. Årskortbrukarar får ei brikke med tilgang til treningshall og styrkerom i tida frå 07.00-08.00 og 15.00-22.00. Merk at du må ta omsyn til aktivitetskalendaren.

Inntil vidare er det berre mogleg å nytte årskort i basseng under dei offentlege badetidene.

Kjøpe årskort/halvtårskort

Årskort kan kjøpast i kiosken på Bryggjeslottet i opningstida.

Prisen er satt til 1.430,- for fastbuande i kommunen og 2.280,- for eksterne.

 

Kjære brikkebrukarar av Bryggjeslottet

Korteigaren skal til einkvar tid fylgje dei reglane som gjelder for bruk av kortet i Bryggjeslottet, m.a om 18 års aldersgrense.

 

Kontaktinformasjon

Kundetorget: 56 59 90 00 (09:00-15:00 man-fre)

Bryggjeslottet resepsjon: 56 59 90 52 (10:30-17:00 lør-søn)

e-post: postmottak@modalen.kommune.no

 

Modalen folkebibliotek

Facebookside

Internettside

 

Bygdekino 

Bygdekino

 


Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 20.04.2018