Ingeniør
Førehandskonferanse
I samband med større og komplekse byggjesaker kan det vere nødvendig å bestille ein førehandskonferanse. Det kan for eksempel vere ein god idé å ha ein førehandskonferanse i større utbyggings- og fortettingsprosjekt, som ved utbygging av fleire bustader i eit eksisterande bustadområde.
Slik ber du om ein førehandskonferanse
Ansvar for vatn- og avlaup, renovasjon og byggesak.
Vi ber deg om å sende inn informasjon om:
- kva du skal byggje: kart, teikningar og skisser
- kor stort du skal byggje: høgd, breidd, areal
- kva du skal bruke byggverket til
- om byggverket treng dispensasjon frå gjeldande regelverk og planar – i så fall kva forhold som treng dispensasjon
- informasjon om korleis du tenkjer å løyse veg, vatn, kloakk
- spørsmåla du ønskjer svar på i møtet
Kva kostar det?
Gratis
På førehandskonferansen
Ansvarleg søkjar bør vere med på møtet.
Vi gjer merksam på at vi ikkje går gjennom sjølve søknaden din i førehandskonferansen. Vi kan heller ikkje svare på søknaden der og då. Dette er vurderingar som ligg til sjølve sakshandsaminga som kjem i etterkant av møtet.
Det blir vanlegvis sett av ein time til ein slik førehandskonferanse.
Sist oppdatert:
15.05.2023
Publisert:
30.10.2018