HeimPlan, bygg og eigedomNytt nærings- og tenestesenter i Modalen

Nytt nærings- og tenestesenter i Modalen

Ny informasjon Modalen nærings og tenestesenter

I veke 46 startar arbeidet med stålmontasje og hulldekker for nytt bygg på Mo.
Arbeidet blir utført ved hjelp av lastebilkran, og delvis med hjelp av mobilkran.
Under enkelte aktivitetar kor mobilkran skal brukast, kan det være nødvendig å benytte deler av vegen gjennom sentrum til plassering av kran.
Tilkomst rundt kran tilrettelegges, med mulig stenging av nokon p-plasser ved posten/butikken dersom det blir behov for det.

Stål- og hulldekkemontasje er planlagt ferdig veke 50

Endeleg vedtak og handsaming i kommunestyret 11.06.2020

Handsaming:
Ordføraren tok dei ulike framlegga til vedtak opp til votering:

- alt. 1 frå Ann-Jorunn Farestveit:

Modalen kommune vedtek å ikkje gå vidare med Modalen nærings-og tenestesenter. Styringsgruppa arbeider vidare med alternativ til eit enklare bygg for å nærma seg ramma på 40 mill.

- 5 stemmer for: Ann-Jorunn Farestveit, Ole Kristian Øvre Helland, Nathalia Yndestad, Knut, Farestveit og Robert Helland.

Framlegget til Ann-Jorunn Farestveit fekk ikkje fleirtal, og dei to andre alternativa til vedtak vart sett opp mot kvarandre.

- alt. 2. frå Sigrun A. Birkeland : Kommunestyret vedtek å rive eksiterende kommunehus og byggje eit nytt nærings og tenestesenter.

Kommunestyret vel alternativ 1 som har ein mindre utleigedel til næringslivet. Modalen kommune inngår kontarkt med totalentrepenør Lars Jørnsson AS og ferdigstillast hausten 2021. Kommunestyret løyver ei totalramme til prosjektet på Investeringsutgifter på kr. 55 034 756.

- 6 stemmer for: Ann-Jorunn Farestveit, Ole Kristian Øvre Helland, Nathalia Yndestad, Knut Farestveit, Sigrun Almelid Birkeland og Robert Helland.

- alternativet frå administrasjonen/formannskapet i saksframlegget - 7 stemmer for:

Kjetil Eikefet, Anne Britt Almelid, Liv Anne Aanensen, Kristin Nåmdal, Roger Fure, Marit Kristin Nese og Ove Eidsnes.

Framlegget frå administrasjonen vart vedteke med 7 mot 6 stemmer.

KS - vedtak:

Kommunestyret vedtek å rive eksisterande kommunehus og byggje eit nytt nærings- og tenestesenter på same tomt i Mo sentrum. Kommunestyret vel alternativ 2 – som har ein tilleggsdel med utleige til næringslivet.Modalen kommune inngår kontrakt med totalentreprenør Lars Jønsson AS som hadde det rimlegaste tilbodet i anbodskonkurransen. Byggefasen vil ha oppstart hausten 2020 og fedigstillast hausten 2021.Kommunestyret løyver ei totalramme til prosjektet på kr. 60 800 000,- inkl. mva.Kommunestyret vedtek låneopptak på kr. 42 000 000,-.

 

Vedtak i formannskapet 02.06.2020

Vedtak:
Kommunestyret vedtek å rive eksisterande kommunehus og byggje eit nytt nærings- og tenestesenter på same tomt i Mo sentrum.
Kommunestyret vel alternativ 2 – som har ein tilleggsdel
med utleige til næringslivet.Modalen kommune inngår kontrakt med totalentreprenør Lars Jønsso AS som hadde det rimlegaste tilbodet i anbodskonkurransen.
Byggefasen vil ha oppstart hausten 2020 og fedigstillast hausten 2021.Kommunestyret løyver ei totalramme til prosjektet på kr.
60 800 000,- inkl. mva.Kommunestyret vedtek låneopptak på kr. 42 000 000,-.

Avstemming:

Ordførar tok rådmannen sitt framlegg til vedtak opp til votering:
3 røyster for (Kristin Nåmdal, Kjetil Eikefet og Liv Anne Aanesen). 2 røyster mot (Ann-Jorunn Farestveit og Robert Helland).

Kommunestyret skal handsama saka i møte 11.06.2020

 

Kommunestyret skal handsama saka om endeleg byggjing av nytt nærings- og tenestesenter, etter at prisen på prosjektet er lagt fram for politikarane. Dette vil kome opp til politisk handsaming våren 2020.

Kommunen er i dialog med Uni Micro og MobileWorker om å flytta bedrifta til det nye nærings- og tenestesenter på Mo. Då treng prosjektet ei utvidig på 383 m2.


FRAMDRIFTSPLAN OG MILEPÆLAR :

Etter avlevert forprosjekt gjenstår fylgjande bolkar og faser:
• Nabovarsling - gjennomført
• Rammesøknad – etter frist for nabovarsling
• Utarbeiding av totalentreprisegrunnlag – 1 månad / medio desember 2019.
• Kontrahering av totalentreprenør - utarbeiding av konkuransegrunnlag med alle     vedlegg, utlysing i Doffin-basen via Mercell-portalen, tilbodsfrist med heimel i         regelverk, evaluering og innstilling, avgjersler om kontraktstideling og
   karenstid. Pågår.

• Samspelsfase – står att
• Byggestart – byggeperiode fram til ferdig bygg – står att
• Overtaking – står att
• Innflytting – står att
• Garantitid – står att

Kommunens beslutningsprosess vil vere avgjerande for endeleg tidsbruk – frå i dag og fram til ferdig bygg.

 

 

Teikningar – status 02.05.19

 

HRTB arkitektar arbeidar no med mindre endringar som skal leggjast fram for styringsgruppa i mai.

- Fleksible løsningar etterstebast.
- Åpenheit i materialbruk / bæresystem – for å tilretjeleggje for lokale leverandørar og kort leveringstid.

Anskaffelse av prosjektleiar pågår.

Anskaffelse av tekniske rådgjevare pågår.

 

 

Kommunestyret vedtok 14.06.18 i sak 031/18 å bygge eit nytt nærings- og tenestesenter i Modalen.

Formannskapet blir styringsgruppa for prosjektet.

Det vert føresett at styringsgruppa held kommunestyret godt orientert om det vidare prosjekteringsarbeidet.

I samsvar med avtaledokoment frå HRTB datert 15.05.2015, vert HRTB Arkitekter kontakta for å gje tilbod på det vidare prosjekteringsarbeidet .

Det vert sett ei ramme for nybygg på 40 millionar.

Plan for uteområde må takast med i prosjektet.

Det vert nytta eksisterande lokale til å drifta kommunen i byggeperioden.

HRTB utarbeidar no ein plan for vidare framdrift av dei ulike fasane i prosjektet.


Sist oppdatert: 09.11.2020
Publisert: 22.08.2018