Ungdomsrådet

Ungdomsrådet arbeider for at Modalen kommune skal vera ein god kommune å veksa opp i og skal vera med å gje råd i beslutningar som påverkar born og ungdom. Dette gjeld både utdanning, kultur, miljø, samferdsle, idrett, helse og samfunnsutvikling.

Ungdomsrådet består av 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Medlemmene vert utpeika av ungdomane sjølv før kommunestyret får saka til endeleg behandling. Ungdomsrådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar.

Klikk her for å lese forskrift om ungdomsrådet

 

Ungdomsrådet i Modalen har eigne vedtekter. Trykk her for å lese vedtekter for Modalen ungdomsråd 

 

Medlemmene i ungdomsrådet vart valt hausten 2022 og vil sitje i 2 år. 

Medlemmer frå hausten 2022 til sommaren 2024:

Medlem: Gaute Lundekvam 10 kl.
Medlem: Magnus Hrafn Jakobsen 10. kl.
Medlem: Pernille Trohaug Våge 9. kl.
Medlem: Olai Nygard Nese 9. kl.
Medlem: Oliver Trohaug Våge 1.vgs


Varamedlem: Agnes Midtun 10. kl.
Varamedlem: Ingeborg Romarheim 9. kl.

 

Klikk her for å lese saksdokument og møteprotokollar

 

Kundetorget gjev sekretariatstenester til rådet. Ønskjer du kontakt med ungdomsrådet, kan du kontakte kundetorget på postmottak@modalen.kommune.no


Sist oppdatert: 23.11.2022
Publisert: 17.02.2021