Val 2021

Stortingsval 13.09.21

Vallokala er ope:

Mo, Mo skule kl. 12.00 - til kl. 18.00

Øvre Helland, samfunnshuset frå kl. 12.00 - til kl. 18.00

Valstyret
  • Kjetil Eikefet, leiar
  • Kristin Nåmdal
  • Liv Anne Aanesen
  • Ann-Jorunn Farestveit
  • Håvard Engeseth 
Førehandsrøysting

Ein kan førehandsrøyste frå 10. august til og med 10. september på Kundetorget 2.etg konferanserommet.

Stad:

Kundetorget 2 etg. konferanserommet. 

Tid:

  • 10.00 - 14.00 måndag til fredag
  • Det vert halde ope for førehandsrøysting laurdag 04.09.21 frå kl 11.00 – kl 14.00.

Veljarar på helseinstitusjonar i Modalen kommune kan førehandsrøyste på
Modalstunet tysdag 7. september kl. 11.00 – 12.00.

 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 13. september, eller i den ordinære førehandsrøysteperioden 10. august til 10. september, kan du røyste tidleg frå og med 1. juli til og med 9. august.

I Modalen kommune kan du tidlegrøysta etter avtale, på Kundetorget 2.etg konferanserom på Mo.
Opningstida er frå klokka 0900 til klokka 1400 måndag til fredag. Ynsker ein tidlegrøysting må ein gjera ein avtale om dette. Ein kan ringja 56599000 eller senda ein e-post til postmottak@modalen.kommune.no for avtale.

 

 Les meir om valet hos Valgdirektoratet

Røysta heime

Er det vanskeleg for deg å komma deg til røystelokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen? Då kan du i perioden frå 10.august fram til 10. september klokka 1000, søkja om å røysta heime. Du kan ringja til Modalen kommune telefon 56599000 og gjera ein avtale om å røysta heime.

Val i pandemi

Set du i karantene eller isolasjon grunna Covid-19 kan du røysta heime og på sjølve valdagen 13. september.
Du må melda frå om at du ynskjer røysta heime grunna karantene eller isolasjon seinast innan klokka 1000 på sjølve valdagen 13.september.
Godt val!

Utlegging av manntal til offentlig ettersyn

For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet måndag 13. september 2021 må du stå innført i manntalet i Modalen kommune.

Manntalslistene vert lagt ut til ettersyn i tida medio juli til og med måndag 13. september.
Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, kan krav om retting sendast til Modalen kommune, Valstyret, Postboks 44, 5732 Modalen. Dersom du har flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du må då røyste i den kommunen som du er manntalsført i, eller du kan førehandsrøyste i Modalen.

Sametingsvalet

I Modalen kommune kan veljarar manntalsført til sametingsvalet røyste under tidleg- og ordinær førehandsrøysteperiode, ikkje på valdagen.

I dag har ikkje Modalen innbyggjarar som er oppført i sametingsmanntalet. Det er mogleg å søkje om innføring og deretter røyste. Sjå meir informasjon hjå Sametinget: https://sametinget.no/politikk/valg/

I tillegg kan andre manntalsførte som ikkje er heimehøyrande i kommunen førehandsrøyste hjå oss.

 

Manntalet vert lagt ut på desse stadane:

For begge krinsane (Mo og Øvre Helland):
Kundetorget 2.etg konferanserom
Biblioteket i Bryggjeslottet
Modalstunet
Coop Mo
Coop Øvre Helland


Sist oppdatert: 01.09.2021
Publisert: 22.05.2019