Læreplass

Om ordninga

Ein lærling er ein arbeidstakar under utdanning. Å vere lærling betyr at du får opplæring i eit fag som fører fram til eit bestemt yrke og at du får fag- eller sveinebrev i faget.
Kommunen tek inn lærlingar i følgjande fag:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Helsearbeidarfaget
  • Kontor- og adm.faget

Ta gjerne kontakt om det er spørsmål til desse eller om det er andre fag- eller sveinebrev som er av interesse.

I tillegg til Modalen kommune, kan du også søkje læreplass hos private bedrifter i Modalen. Oversikt over bedrifter i Modalen finn du her: lenke

 

Slik søkjer du

Søknaden kan du sende via VIGO, til Opplæringskontoret i Indre Hordaland eller direkte til Modalen kommune på e-post: postmottak@modalen.kommune.no

Trykk her for å kome til VIGO 

Du er ikkje garantert læreplass når du søkjer i Vigo. Difor må du i tillegg sjølv vere aktiv og kontakte moglege lærebedrifter. Send søknad og CV direkte til bedrifta. Du kan søkje læreplass heile året.

 

Meir om lærling- og utdanningsløp

Vestland fylke har ansvar for vidaregåande opplæring, og er rettleiingsteneste for Modalen kommune. Les meir om lærling- og utdanningsløp her: Lærling - Vestland fylkeskommune.

Modalen kommune er medlem av Opplæringskontoret for Indre Hordaland.
Opplæringskontoret koordinerer og gjennomfører tiltak innan fagopplæring, og samarbeider med medlemsbedriftene om leggja tilhøva til rette for best mogleg opplæring fram mot fagbrev.

Du kan lese meir om Opplæringskontoret her:
Opplæringskontoret for Indre Hordaland (opplaeringskontoret.no)

 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om lærlingordninga, ta kontakt med:

  • Tonje Husum Aarland

Assisterande rådmann
E-post: tonje.husum.aarland@modalen.kommune.no


Sist oppdatert: 05.04.2024
Publisert: 05.08.2022