HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar

Høyringar og kunngjeringar

 

 

 

Høyring av søknad om ny Krossdalen transformatorstasjon


Søknadane med konsekvensutgreiing er no på høyring, og de kan uttale dykk i saken innan 12. august 2024
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknadar for ny Krossdalen transformatorstasjon og å leggje om luftleidningar inn til stasjonen, i tillegg til ny 420 kV Krossdalen-Steinsland og ny delstrekning 420 kV Krossdalen-Haugsvær. Det er også søkt om konsesjon til spenningsoppgradering til 420 kV i Steinsland kraftverk og Nygard pumpekraftverk med tilhøyrande nettanlegg, samt endringar i Steinsland koblingsstasjon. Det er også søkt om å gjere tiltak på Nygardsveien og bygge kaihakk på Eidslandet.

Dei omsøkte tiltaka er i Modalen og Vaksdal kommunar i Vestland fylke. Det er Statnett SF og Eviny Fornybar AS som søker.

Høyringsfristen er 12. august 2024


Høyringsdokument

Konsesjonskart Statnett

Konsesjonskart Eviny

Invitasjon til folkemøte 11.juni i Modalen kommunehus
NVE held offentleg møte tysdag 11. juni kl. 19.00.

Møtet finn stad i Flodmaal, Modalen kommunehus, Mo 3, 5729 Modalen. NVE vil orientere om handsaminga av søknaden. Statnett og Eviny vil vere til stades og orientere om planane. Møtet er ope for alle

Høyring - Endring i forskrift om konsesjonslova Modalen kommune

Modalen er ein av kommunane med nedsatt konsesjonsgrense, også kalla nullkonsesjon. I praksis betyr dette at det er buplikt på heilårsbustader.

Kommunestyret vedtok i møte, 4. april 2024, å gjere endringar på forskrifta og ønskjer at følgjande skal gjelde:

"Modalen kommune vidarefører forskrifta om 0 konsensjon i kommunen med unntak av desse områda: Mostraum (g.nr. 74), Langedal (g.nr. 75), Nygard (g.nr. 85) og Steinsland (g.nr. 84)"

Landbruksdirektoratet utformar og fastset forskrift om konsesjon etter vedtak frå kommunestyret. Kommunen skal syte for at saka er så godt opplyst som mogleg og berørte partar skal kunna uttale seg før direktoratet får saka til behandling. 

Vi inviterer derfor deg til å kome med innspel til forskriftsendringa!

 

Klikk her for å lese meir om konsesjon

Klikk her for å lese kommunestyret si behandling 4.4.24

Klikk her for å gå til gjeldande forskrift for Modalen kommune

 

Innspela vil bli behandla av kommunestyret før oversending til Landbruksdirektoratet. 

Frist for å komme med innspel er 31.mai 2024.

Merknadane må vere skriftlege og sendast til:

postmottak@modalen.kommune.no eller på brev til Modalen kommune, postboks 44, 5732 Modalen.


Sist oppdatert: 21.05.2024
Publisert: 16.03.2020