HeimHelse, sosial og omsorgModalen helsesenter

Modalen helsesenter

Modalen legekontor

Telefon: 56 59 90 40

Opningstider: Måndag, tirsdag, onsdag og torsdag: kl. 08.30-15.00.

Telefontid: Kl.08.30-15.00

(Me ynskjer ikkje telefonar i tida 12-13)

Ring 116117 om det haster med legetilsyn og 113 om det er akutt.

 Modalen legekontor | HelseRespons

 

Helsepraten mai 2023

Informasjon om vaksinering Haust 2023

 

Smittevernplan 2020 2024

 

Slik bestiller du time

Det er mange som ynskjer å nå oss via telefon. Om du vil spare tid, kan du nytte deg av vår SMS-køfrisystem.


Du skriv då MODALEN, fødselsdatoen din og navnet ditt, og sender meldinga til 2097. Ei melding kan sjå slik ut:

MODALEN 05.05.90 Ola Hansen ynskjer time, gjerne neste veke.
Tenesta kostar kr 6,00 pr melding. Du kan sende melding heile døgnet.

Avbestille time, eller endre timeavtale
Ring oss eller send MODALEN navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen skal finne stad, ellers må du betale for timen.

Legevakt for Modalen

Ved behov for legehjelp når det ikkje er lege i Modalen, kontakt
Nordhordland legevakt: Tlf. 116 117  / Ved behov for akutt-hjelp ring 113 

Helsestasjon

Via helsenorge.no kan ein no kommunisera med helsestasjonen og i Modalen kommune. Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på.

Via helsenorge.no kan du be om timeavtaler, avbestille avtaler og sende meldinger på ein trygg og enkel måte. Du finn også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.
Du loggar deg på helsenorge.no ved å nytte elektronisk ID som til dømes bank-ID. Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no kan du ta kontakt med helsestasjon/skulehelsetenesta på e-post eller telefon.

Helsestasjonen har kontor på helsesenteret på Mo der barnekontroller med dei faste helseundersøkingane og vaksineringa i barnevaksinasjonsprogrammet blir gjennomført.

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og har som mål å fremje barn si helse og trivsel, samt førebyggje skade og sjukdom. Tilbodet er gratis, og åpent for både faste avtaler og Drop-in hjå helsesjukepleiar som er tilstades ved skulen til faste tider.
Helsesjukepleiar er også kontaktperson for barn som pårørande.

Det hender at barn i alderen 0 – 18 år i løpet av oppveksten opplever å vera pårørande. Ein veit at somatisk sjukdom i tillegg til dødsfall som også kan ramma virkar inn på heile familien. Barn kan oppleve dette som svært vanskeleg, og ha behov for kontakt utanfor familien. Kontaktperson for barn som pårørande skal ha oversikt over aktuelle tiltak og hjelpeinstanser og god innsikt i pårørande-arbeid. Det er ikkje behov for tilvisning og tilbodet er gratis.

På helsestasjon finn du Randi Møster Aas, utdanna kreftsjukepleiar som for tida er konstituert som helsesjukepleiar.

Telefon/mobil: 56 59 90 49/453 43 469
E-post:randimoster.aas@modalen.kommune.no

Helsesjukepleiar er tilgjengeleg via helsestasjon mandag, tirsdag, onsdag og torsdag.

 

Fysioterapi

Fysioterapeut Njaal Brandvik

Telefon: 56 59 90 43 / 453 16 429

E-post

Fysioterapeuten er og kontaktperson for tekniske hjelpemidlar.

 

Kommunepsykolog

John Petter Wadseth

Telefon: 56 59 90 48 / 945 11 854

John er tilsett i 20% stilling som kommunepsykolog.
Han er å treffa måndag annakvar veke, i tillegg tilbyr han samtalar over nettet med video. Ein kan ta direkte kontakt for å lage avtalar. 

 

Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste gir tilbod til personar som treng hjelp for psykiske vanskar eller rusproblem. Det er eit lågterskeltilbod, og pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt. Hjelp blir gitt gjennom samtaler, individuell oppfølging eller gruppeaktiviteter – etter kva som er ynskjeleg og tenleg.

Kontaktinformasjon

Jorunn Brekkhus

Telefon: 56 59 90 48
Mobil:  99 09 00 02

E-post

Bente Håvåg

Telefon: 56 59 90 48
Mobil: 976 77 674

E-post

Bilete av Modalen helsehus

Jordmor

Modalen kommune har avtale med Alver kommune om jordmorteneste for svangerskapskontrollar. Jordmor kan nåast via Knarvik helsestasjon på telefon 56375074.

Støtteteam ved kriser

Modalen kommune har oppretta støtteteam ved kriser.

Dette er eit kommunalt team som har ansvar for psykososial oppfølging av menneske/lokalsamfunn som vert råka av kriser og katastrofar. Kriser og katastrofar vert definert som dramatiske og traumatiserande hendingar som påverkar enkeltmenneske og som normalt går utover det ein vanlegvis taklar aleine eller ved hjelp av sosiale nettverk .

Omgrepet kriser vert brukt om dramatiske og traumatiserande enkelthendingar som i hovudsak skjer med få menneske direkte involvert av gangen. Dette kan være plutselege barnedødsfall, sjølvmord, ulike typar ulukker med eller utan dødsfall, voldtekter eller ran.

Støtteteam ved kriser, er ei ressursgruppe som utover å bistå innbyggjarane, også vil kunne fungere som ein ressurs for innsatspersonell ved f.eks. politisentral, legevakt og sjukehus. Støtteteam ved kriser inngår som ein del av kommunen sin generelle beredskapsplan. Teamet skal medverke til ei omsorgsfull og naturleg bedarbeiding etter traumatiske hendingar og har som mål å førebyggja psykiske seinverknader etter kriser.


Støtteteamet er samansett av:
         
- Koordinator: Psykiatrisk sjukepleiar, Jorunn H. Brekkhus
- Kommunelege: Grethe Fosse
- Pleie- og omsorgsleiar: Margrete L. Kvamme.
- Psykiatrisk sjukepleiar:  Bente K. Håvåg.
- Rektor: Jahn Olav Nordheim.
- Pedagogisk leiar: Gro Henny Mo.
- Prest: Torbjørn Aamli. 
- Helsesøster: Randi Aas Møster

 

Krisesenter

Modalen kommune har samarbeidsavtale med krisesenteret for Bergen og omegn.

Ta kontakt på vår døgnåpne telefon: 55 31 50 50

Krisesenteret for Bergen og omegn 

Krisetlf. ved seksuelle overgrep

SMISO byttar namn til Nok.

SMISO Hordaland byttar namn til Nok. Bergen. Dekningsområdet er framleis Hordaland og tenestene er dei same som før, men namnebytet skal bidra til å nå betre fram til brukarane. Her får dei som er utsatt for seksuelle overgrep - og deira
pårørande - eit tverrfagleg lavterskel og gratis hjelpetilbod.

Nok.Bergen tilbyr også undervisning og rådgivning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar. Dagleg leiar for Nok. Bergen, Grace Ellen Gjuvsland, er glad for det nye namnet.

Nok. representerer eit tydeleg stopp-punkt og speglar visjonen til alle Nok-sentra;

  • Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep”. Likevel skjer det. 1 av 3 kvinner og 1 av 10 menn opplever seksuelle overgrep. Nok.-namnet markerer endring, håp og framtid i tråd med slagordet “Saman finn vi vegen vidare”, seier Gjuvsland.

  • Nok.-sentra jobbar for ei betre framtid for dei som er utsatt, og for å hindre at nye overgrep skjer. Med nytt namn og ny visuell identitet, ønsker dei å gjere denne jobben endå betre.

For meir informasjon, gå til nettsida nokbergen.no. Du kan også følgje Nok. Bergen på Facebook og Instagram.

Nordhordland legevakt

Nordhordland legevakt ei interkommunal døgnopen legevaktteneste for kommunane Modalen, Alver, Austrheim, Gulen, Masfjorden og Osterøy.

Kontakt oss
  • Det er viktig at du ringer 116 117 før du kjem på legevakta
  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. 
  • Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom
Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vil vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt blir lagra på lydlogg.

Besøksadresse

Region Nordhordland Helsehus, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Kva kostar det?
  • Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
  • Prisliste heng på venterommet.
  • Ta med eventuelt frikort.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgiving med sjukepleiar er gratis.
Kva kan vi hjelpe deg med? 

Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem, som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:

  • Smerter i brystet eller magen
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorlig psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.

Hjelp til kreftramma 

Modalen kommunen har to utdanna kreftsjukpleiarar, Torill Farestveit og Randi Møster Aas, som kan gi støtte til kreftramma i kommunen.
Dette kan vere rådgjeving, samtaler og kartlegging av hjelpebehov. Dei har også kunnskap om rettigheiter og kan hjelpe med å få kontakt med dei rette instansane om det trengs.

Personar som er ramma av kreft, eller deira pårørande kan ta direkte kontakt med kreftsjukepleiar ved å ringe Modalstunet, på telefon 56599090. 

 

Nyttige lenker helse

Kjernejournal

Tannhelse

Pasient- og brukar ombod

Veileder råd for personer med funksjonsnedsettelse 

Folkehelseoversikt

Folkehelseoversikt Modalen kommune


Sist oppdatert: 07.11.2023
Publisert: 03.05.2018